Innovasjon og marknadsføring (SR-SRL vg2)
Felles programfag saman med:Forretningsdrift (SR-SRL vg2)ogKultur og kommunikasjon (SR-SRL vg2)
Det heilskaplege reiselivsproduktet
Det heilskaplege reiselivsproduktet består av formidling, transport, overnatting, servering og opplevingar, og er eit samspel mellom mange ulike aktørar. Om du skal arbeide i reiselivet, er det viktig å forstå korleis dei ulike aktørane samarbeider for å skape eit heilskapleg reiselivsprodukt.