AP-50
a) Koding
Programmet nedanfor gir feilmelding. Kva er feil i kodelinjene?
for in range(1,6)
print(f"Talet er {tal}.")
Fasit
- Det manglar ein variabel rett etter kodeordet for.
- Den første linja må ha eit kolon til slutt.
- Den andre linja må rykkjast inn.
- Variabelen tal er ikkje definert (men blir det dersom han blir sett inn etter kodeordet for på den første linja).
b) Algoritme
Skriv algoritmen til desse kodelinjene.
Løysingsforslag
- Set variabelen tal lik 1.
- Gjer 5 gonger:
- Skriv til skjermen "Talet er <tal>.".
- La tal auke med 1.
c) Forklaring
Forklar med ord kva programmet gjer.
AP-51
Vi ønskjer å lage eit program som lagar ei utskrift av dei 6 første kvadrattala.
a) Teori
Kva er eit kvadrattal?
Forklaring
Kvadratrota av eit kvadrattal er alltid eit heilt, positivt tal, til dømes er 9 eit kvadrattal fordi kvadratrota av 9 er lik 3. Kvadrattala finn vi ved å ta eit heilt tal og kvadrere det, altså multiplisere det med seg sjølv, eller opphøge det i andre potens.
Eksempel med talet 4 som utgangspunkt:
16 er altså eit kvadrattal.
b) Algoritme
Skriv algoritmen til eit program som kan lage utskrifta
"Kvadrattal nummer 1 er 1^2 = 1"
"Kvadrattal nummer 2 er 2^2 = 4"
og så vidare til og med kvadrattal nummer 6. Hugs å få med forklarande tekstar.
Løysingsforslag
- Skriv til skjermen "Dette programmet skriv ut dei 6 første kvadrattala.".
- Set variabelen tal til 1.
- Gjer 6 gonger:
- Skriv til skjermen "Kvadrattal nummer <tal> er <tal>^2 = (verdien av <tal>^2)".
- La tal auke med 1.
c) Koding
Lag programmet, og test at det fungerer.
d) Algoritme
Vi ønskjer å endre programmet slik at brukaren kan bestemme kor mange kvadrattal som skal skrivast ut.
Endre på algoritmen ovanfor slik at dette blir mogleg.
Løysingsforslag
- Skriv til skjermen "Dette programmet skriv ut dei n første kvadrattala.".
- Skriv til skjermen "Skriv inn kva n skal vere:".
- Ta imot talet frå brukaren, og lagre det i variabelen n.
- Set variabelen tal lik 1.
- Gjer så mange gonger som verdien av variabelen n:
- Skriv til skjermen "Kvadrattal nummer <tal> er <tal>^2 = (verdien av <tal>^2)".
- La tal auke med 1.
e) Koding
Lag programmet, og test at det fungerer.
f) Algoritme
Vi ønskjer no at brukaren i tillegg skal kunne bestemme kva for tal vi skal starte med slik at utskrifta ikkje alltid startar med 1 som det første talet.
Skriv algoritmen til eit slikt program.
g) Koding
Lag programmet i f), og test at det fungerer.
AP-52
Vi ønskjer no å lage eit program som lagar ein verditabell for funksjonen for -verdiar frå og med 0 til og med 10.
a) Teori
Kva er ein verditabell?
b) Algoritme
Skriv algoritmen til eit slikt program.
Tips
Verditabellen kan sjå slik ut:
0 | –3 |
1 | 1 |
2 | 5 |
... |
Løysingsforslag
- Skriv til skjermen "Dette programmet lagar ein verditabell til funksjonen .".
- Skriv til skjermen "x
f(x)". - Set variabelen x lik 0.
- Gjer 10 gonger:
- Rekn ut 4·x – 3 og set resultatet lik variabelen f_x.
- Skriv til skjermen "<x>
<f_x>". - La x auke med 1.
c) Koding
Skriv koden til programmet. Køyr programmet, og kontroller at det fungerer.
Løysingsforslag
print(f"Dette programmet lagar ein verditabell "
f"til funksjonen f(x) = 4x – 3.")
print(f"x
for x in range(0, 11):
d) Algoritme
Vi ønskjer no at brukaren skal kunne bestemme kva for intervall
Skriv algoritmen til eit slikt program.
e) Koding
Skriv programkoden til algoritmen i d), og køyr programmet til slutt for å sjå at det fungerer.
f) Algoritme
Programma i denne oppgåva så langt lagar verditabellar der avstanden mellom
Skriv algoritmen til eit slikt program.
g) Koding
Skriv programkoden til algoritmen i f), og køyr programmet til slutt for å sjå at det fungerer.
Tips
Her får vi bruk for å la teljevariabelen i for-lykkja gå i andre steg enn 1.