Hopp til innhald
Oppgåve

Omvend proporsjonalitet

Her får du øve deg på å forklare kvifor to storleikar er omvendt proporsjonale. Du kan løyse oppgåvene med digitale hjelpemiddel. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

Klassen din har ansvaret for å rydde på uteområdet på skulen.

Vil tida det tek å rydde, vere omvendt proporsjonal med talet på elevar som ryddar? Grunngi.

Løysing

Jo fleire som ryddar, jo kortare tid tek det. Tek det til dømes 2 timar for ein elev å rydde alt, vil det ta 1 time dersom det er 2 elevar som ryddar. Vidare vil dette ta 0,5 time dersom det er 4 elevar som ryddar og så vidare. Multipliserer vi talet på elevar med kor lang tid den enkelte eleven bruker, får vi alltid 2 timar. (Vi går ut frå at alle elevane ryddar like godt.)

Tida det tek å rydde, vil derfor vere omvendt proporsjonal med talet på elevar som ryddar.

Oppgåve 2

Du skal ha ein vennegjeng på besøk og har kjøpt inn tre pizzaer. De deler pizzaene i like stykke og fordeler dei likt mellom dykk.

Forklar at talet på pizzastykke kvar av dykk får, er omvendt proporsjonalt med talet på personar som skal ete.

Løysing

Talet på pizzastykke per person multiplisert med talet på personar vil alltid bli talet på delstykke i tre pizzaer, med andre ord tre heile pizzaer. Produktet blir altså alltid det same.

Oppgåve 3

Elisabeth skal arrangere klassefest. Ho ønsker å leige eit lokale til 2 000 kroner. Utgiftene til leiga skal fordelast likt på festdeltakarane.

a) Nedanfor er det laga ein tabell som mellom anna viser kva prisen per deltakar blir med ulikt tal på deltakarar.

Fyll ut resten av tabellen.

Tal på festdeltakarar og pris per deltakar

Talet på festdeltakarar

5

8

13

16

20

Pris per deltakar (kr)

400

Talet på deltakarar · pris per deltakar (kr)

2 000

Løysing
Tal på festdeltakarar og pris per deltakar

Talet på festdeltakarar

5

8

13

16

20

Pris per deltakar (kr)

400250154125100

Talet på deltakarar · pris per deltakar (kr)

2 000

2 000

2 000

2 000

2 000

b) Forklar kvifor prisen og talet på festdeltakarar er omvendt proporsjonale storleikar.

Løysing

Talet på deltakarar multiplisert med pris per deltakar er konstant. Då er storleikane omvendt proporsjonale. Vi ser òg at dersom talet på deltakarar blir dobla frå 8 til 16, blir prisen halvert per deltakar.

c) Kva er proporsjonalitetskonstanten her?

Løysing

Proporsjonalitetskonstanten er 2 000.

Oppgåve 4

Stian skal køyre ei strekning på 40 km. Tida han bruker på å køyre denne strekninga, vil variere avhengig av kor fort han køyrer i gjennomsnitt. Grafen nedanfor viser samanhengen mellom gjennomsnittsfarten han har hatt på køyreturen, og tida han har brukt.

a) Kva har gjennomsnittsfarten vore dersom han bruker 0,5 time på 40 km?

Løysing

Grafen viser at gjennomsnittsfarten då har vore 80 km/h.

Merk at vi bruker h (engelsk: "hour") som måleining for talet på timar.

b) Fyll ut resten av tabellen nedanfor ved å lese av samhøyrande verdiar for fart og tid.

Fart og tid

v, fart (km/h)

100

80

70

60

40

t, tid (h)

0,5
Løysing
Fart og tid

v, fart (km/h)

100

80

70

60

40

t, tid (h)

0,40,50,570,671,0

Tidene når gjennomsnittsfarten er 70 km/h og 60 km/h er litt usikre sidan rutenettet i den grafiske framstillinga er ganske grovt.

c) Kva for nokre av storleikane fart, tid eller strekning er det som eventuelt kan vere omvendt proporsjonale storleikar?

Løysing

Strekninga er fast på 40 km, så det må vere farten og tida som eventuelt kan vere omvendt proporsjonale storleikar.

d) Undersøk om farten og tida er omvendt proporsjonale storleikar.

Tips til oppgåva

Utvid tabellen frå oppgåve b) med ei rad der du multipliserer fart og tid.

Løysing
Fart og tid

v, fart (km/h)

100

80

70

60

40

t, tid (h)

0,40,50,570,671,0

v · t (km)

40

40

40

40

40

Produktet v·t er konstant lik 40. Farten og tida er omvendt proporsjonale storleikar.

e) Kva er samanhengen mellom formelen s=v·t og det du gjorde i den førre oppgåva?

Løysing

Formelen s=v·t er samanhengen mellom strekning, fart og tid når farten er konstant. I den nedste rada i tabellen er produktet v·t rekna ut for alle tala. Då får vi strekninga som skulle køyrast: 40 km. Dette stemmer med formelen.

f) Finn ved rekning kor mange minutt det tek å køyre 40 km dersom farten er 65 km/h.

Løysing

s = v·t40=65·t4065=65·t65t=0,615

Vi gjer om til minutt: 0,615 h·60 min/h37 min

Det tek omtrent 37 minutt å køyre 40 km med ein fart på 65 km/h.

Oppgåve 5

Camilla har kjøpt ein pose med klinkekuler. I posen er det 72 klinkekuler. Ho ønsker å dele klinkekulene likt mellom seg og vennene sine.

a) Kor mange klinkekuler blir det på kvar dersom ho deler med 5 venner?

Løysing

Kulene skal delast mellom 6 personar. Talet på kuler på kvar blir

726=12

b) Lag ein formel for kor mange klinkekuler N det blir på kvar dersom dei er x personar som skal dele kulene likt mellom seg.

Løysing

Vi gjer det same som i oppgåve a) og får

N=72x

c) Er N og x omvendt proporsjonale storleikar?

Tips til oppgåva

Denne oppgåva kan løysast på fleire måtar. Du kan lage ein tabell slik som i dei andre oppgåvene på denne sida, men det enklaste er å rekne med formelen direkte.

Løysing

For å undersøke om N og x er omvendt proporsjonale storleikar, må vi sjekke om produktet av dei er konstant. Dette gjer vi enklast på denne måten:

N·x=72x·x=72x·x=72

Her har vi brukt at N=72x i den første overgangen. Vi kan forkorte bort x, og resultatet blir (det konstante) talet 72. Då får vi at N og x er omvendt proporsjonale storleikar.

Generelt vil det vere slik at når formelen er av typen y=kx der k er konstant, vil alltid x og y vere omvendt proporsjonale storleikar.

d) Er talet på venner v Camilla deler med, og kor mange kuler k kvar av dei får, omvendt proporsjonale storleikar? Undersøk dette ved å lage ein tabell slik som i nokre av dei førre oppgåvene.

Løysing

Her må vi hugse på at klinkekulene skal delast med éin meir enn talet på venner. Dersom talet på venner er 2, blir talet på klinkekuler som kvar av dei får,

722+1=723=24

Tal på vener og tal på kuler per person

v, talet på venner

2

3

5

7

k, talet på kuler per person

2418129

v · k

48

54

60

63

Produktet av storleikane talet på venner v og talet på kuler k per person er ikkje konstant. Storleikane er derfor ikkje omvendt proporsjonale.

e) Undersøk det same som i oppgåve d) ved å lage ein formel for k når kulene skal delast med v venner og bruke han.

Løysing

Først lagar vi ein formel for k.

k=72v+1

Så må vi sjekke produktet av k og v.

k·v=72v+1·v=72vv+1

Vi får ikkje forkorta bort v. Produktet vil derfor variere med verdien av v og er derfor ikkje konstant. Storleikane er derfor ikkje omvendt proporsjonale.

Oppgåve 6

Kva kan du om omvend proporsjonalitet?

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.

CC BY-SA 4.0Skrive av Stein Aanensen, Olav Kristensen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2024