Korleis teikne grafen av ein lineær funksjon
Vi teiknar grafen på grunnlag av verditabellen
Vi veit at grafen blir ei rett linje. Då er det eigentleg nok med to punkt i verditabellen, men det er lurt å ta med eit tredje punkt for kontrollen si skuld.
Vi klarar oss godt med hovudrekning her og fyller ut tabellen!
x | g(x) |
---|---|
-3 | 10 |
1 | 2 |
5 | -6 |
Vi teiknar grafen på grunnlag av stigingstal og konstantledd
Sidan konstantleddet , skjer grafen andreaksen for . Punktet ligg derfor på grafen.
Stigingstalet er . Vi tar utgangspunkt i punktet , går ei eining til høgre, og stigingstalet fortel at vi må flytte oss parallelt med -aksen einingar ned for igjen å møte grafen. Vi kjem til punktet . Vi har da to punkt på grafen og kan trekkje linja gjennom desse punkta.
Vi teiknar grafen med eit digitalt verktøy
Definisjonsmengda er her alle reelle tal. I GeoGebra skriv du inn funksjonsuttrykket på skrivelinja eller i algebrafeltet. Frå algebrafeltet kan du «dra» funksjonsuttrykket over til grafikkfeltet.