Hopp til innhald

Fagstoff

Skreikjakar

Kjakar er "kinnkjøttet" til fisken, og mange reknar det som ei delikatesse. Kjøttet er fast, fint og velsmakande. Å kunne bruke alle delar av fisken er ei svært berekraftig utnytting av råvara. Her viser kokk Mymint korleis ho lagar ein spennande forrett av skreikjakar.

Dumpling med skreikjake og fiskeconsommé

Dumplingsdeig

Ingrediensar

Nærbilete av tynn deig med mjøl rundt, ein person bruker ein utstikkar til å stikke ut sirklar. Foto.
  • 150 g kveitemjøl

  • 75 g vatn

  • ¼ ts salt

Framgangsmåte

  1. Bland ingrediensane i ein miksar i ca. 30 sekund.

  2. Klem deigen godt saman, og pakk han i plastfolie. La deigen kvile i 5–10 minutt.

  3. Kjevle ut deigen i ønskt storleik med pastamaskin eller kjevle.

  4. Stikk ut runde emne i deigen med ein utstikkar.

Skreikjakefyll

Ingrediensar

Ei skål med eit fyll laga av torskekjakar, sitronzest og graslauk. Foto.
  • 150 g skreikjakar

  • 1 ms smør

  • zest av 1 sitron

  • ½ ts salt

  • 1 ts sitronjus

  • 60 g sellerirot

  • litt finkutta graslauk

Framgangsmåte

  1. Steik kjakane i middels varm steikepanne med smør i ca. 1 minutt på kvar side.

  2. Skrell sellerirot, og kutt ho i små firkantar.

  3. Tilset sellerirot i panna, og steik vidare i ca. 2 minutt.

  4. Smak til med sitronzest, salt, graslauk og sitronjus.

  5. Fyll dumplingsdeigen med torskekjakefyllet, og brett i ønskt form

  6. Kok dumplingane i kokande vatn med salt i ca. 3–4 minutt.

Fiskeconsommé

Ingrediensar

Ei gryte med fiskekraft. Ein kokk er i ferd med å tilsetje tang og tare i gryta. Foto.
  • 1 liter fiskekraft

  • 10 g tørka tang

  • litt salt

Framgangsmåte

  1. Kok opp fiskekraft i ein kjele.

  2. Tilset tørka tang, og la krafta trekke på låg varme i ca. 10–15 minutt.

  3. Sil av tangen, og smake til med salt. Ta vare på tangen, kutt han i fine bitar og server som garnityr i fiskeconsomméen.

Til servering

Servar dumplings og consommé med persille, graslauk, vårlauk eller urteolje. Pynt gjerne med etande blomstrar.

Olje blir helt over dumplings i ein djup bolle. Foto.
CC BY-SASkrive av Siriyaporn Rithisirikreg.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2024

Læringsressursar

Tillaging av fisk