Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på merking!

Alle matvarer som blir selde, skal vere merkte med ingrediensliste og allergenmerking. I denne oppgåva skal du merke produktet på riktig måte.
Nærbilete av ein porsjon vegetarlasagne med ein gaffel ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Set opp riktig innhaldsliste på denne lasagnen. Hugs at den ingrediensen det er mest av, skal stå først, så i fallande rekkjefølgje.

Kjøtsaus

  • 500 g kjøtdeig av storfe med salt og vatn

  • 2 fedd kvitlauk

  • 6 små sjalottlauk

  • 1 boks hermetisk tomat (400 g)

  • 100 g tomatpuré

  • 2 dl vatn

  • 1 ts tørka oregano

  • 1 ts rosmarin

  • salt og pepar

  • kvitost til gratinering

Mornaysaus

  • 1 l H-mjølk

  • 70 g kveitemjøl

  • 70 g smør

  • 50 g parmesan

  • 50 g kvitost

Pastaplater

  • 2 egg

  • 3 eggeplommer

  • 1 klype salt

  • 250 g kveitemjøl

Fasit innhaldsliste

H-mjølk, kjøtdeig, hermetiske tomatar, kveitemjøl, egg, tomatpuré, kvitost, parmesan, sjalottlauk, kvitlauk,
oregano, rosmarin, salt, pepar.

Oppgåve 2

Ta utgangspunkt i innhaldslista og noter kva ingrediensar som inneheld allergen, og kva allergen kvar ingrediens inneheld. I dette faktaarket frå Mattilsynet finn du ei oversikt over dei 14 allergena.

Fasit allergen

H-mjølk (mjølk)
hermetiske tomatar (sulfitt)
kveitemjøl (gluten)
egg (egg)
tomatpuré (sulfitt)
kvitost (mjølk)
parmesan (mjølk)

Oppgåve 3

Bruk Kostholdsplanleggeren (lenkje ligg som relatert innhald) og finn ut kor mykje energi retten inneheld per 100 gram.

Finn deretter ut kor mykje protein, feitt og karbohydrat retten inneheld per 100 gram.

Fasit næringsinnhald

Utrekning på Kostholdsplanleggeren viser at 100 gram av denne lasagnen gir:

  • energi: 656 kJ eller 157 kcal

  • feitt: 8,8 gram (av dette 5 g metta feittsyrer)

  • karbohydrat (inkl. fiber): 10,4 g (av dette 2,6 g sukkerartar)

  • protein: 9,2 g

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2023

Læringsressursar

Emballering og merking