Hopp til innhald

Fagstoff

Kokte poteter

Koking er ein enkel tillagingsmetode for poteter. Vi kan variere metoden ved å nytte ei anna væske enn vatn, til dømes kraft, buljong eller mjølk/fløyte.
Fleire kokte mandelpoteter med skal, delte i bitar på ei skjerefjøl. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan òg saltkoke poteter, då nyttar vi gjerne nypotetar med skal som blir kokt i vatn med rikeleg salt. Då får vi ei fin hinne av salt rundt potetene, noko som smaker veldig godt.

Når du koker poteter, er det viktig at du ikkje overkoker dei. Kok dei heller al dente. Det betyr at dei skal ha ein litt fast kjerne. Mjølne poteter koker lett i stykke, så dei bør berre koke nokre få minutt og heller trekkje ferdig.

Ferdigkokte poteter kan smaksetjast ved å tilsetje finkutta friske urter og eventuelt smør. Kjende variantar er persillepoteter, myntepoteter og dillpoteter.

Dampkoking

Dampkoking vil seie at vi koker potetene i vassdamp i staden for i kokande væske. Vi kan dampe poteter i ein kjele med damprist eller i ein kombidampar.

Potetmos og puré

Av kokte poteter kan vi lage potetmos og puré. Puré har gjerne ein litt finare konsistens enn mosen, som er litt grovare og har ein tjukkare konsistens. Dei mjølne potetene passar perfekt til potetmos.

Forskjellige typar potetmos i små skåler. Foto.

Framgangsmåte

  1. Skrell poteter og kok dei møre i vatn utan salt.
  2. Varm mjølk, smør og fløyte i ein kjele.
  3. Hell av vatnet på potetene og damp dei lett.
  4. Rør mjølkeblandinga inn i potetmassen, og rør til ein jamn og glatt potetpuré. Smak til med salt og pepar.

Det finst mange variasjonar på potetmos. Han kan smaksetjast med ulike urter og krydder, som grasløk, kvitløk, trøffel, bacon og ost, for å nemne noko. Ein potetmos kan òg kokast saman med andre grønsaker og få smak og farge av grønsakene han blir kokt saman med.

Hertuginnepoteter (duchessepoteter)

Potetmos sprøyta ut på eit brett og gratinert i omnen. Foto.

Hertuginnepoteter er ein omnsbakt potetmos laga med egg.

Framgangsmåte

  1. Skrell poteter og kok dei møre.
  2. Hell av vatnet på potetene og damp dei lett.
  3. potetene gjennom ei sikt.
  4. Visp inn smør og eggeplommer, smak til med salt og pepar.
  5. Ha puréen i ein sprøytepose, og sprøyt ut i ønskt form på eit steikjebrett.
  6. Steik ved 200 °C til massen har fått ein fin og gyllen farge.

Stua poteter

Stuing er kokte poteter i terningar som blir blanda inn i ein béchamelsaus.

Skiver av gravlaks med stua potet og nokre salatblad på ein tallerken. Foto.

Framgangsmåte

  1. Lag béchamelsaus.
  2. Kok skrelte poteter forsiktig i vatn, og hell av vatnet når dei er så vidt møre.
  3. Del potetene i fine terningar og bland dei inn i béchamelsausen. Smak til med salt og pepar, og spe eventuelt med litt mjølk eller fløyte om stuinga blir for tjukk.
  4. Ha eventuelt i urter eller sjalottløk. Dillstua poteter er klassisk tilbehøyr til gravlaks.

Potetball

Denne tradisjonelle retten har mange lokale variasjonar og namn. Kanskje du kjenner han betre som raspeball, komle, kompe eller klubb?

Raspeball med røykt svineknoke, vossakorv og stavar av kålrabi på ein tallerken. Foto.

Framgangsmåte

  1. Kok poteter og kvern dei.
  2. Riv eller kvern rå poteter. Fjern litt av væska frå potetene.
  3. Bland dei kokte og rå potetene, tilsett salt og mjøl og bland godt saman til ein deig.
  4. Form deigen til ballar i ønskt storleik og la dei trekkje i 1–2 timar.
  5. Server ballane varme med ønskt tilbehøyr, til dømes kålrotstappe, salt fårekjøt, pølse og steikt bacon.

Video

I denne videoen viser kokkane tre variantar av kokt potet.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2021

Læringsressursar

Potet