Film og filmklipp
Poteter steikte i form i omn
Det finst mange måtar å lage poteter på. Her skal vi sjå på nokre vanlege tillagingsmetodar for poteter steikte i form i omnen.
Dette er ein klassisk fransk potetrett som består av tynne potetskiver som blir lagde lagvis i ei form med klara smør mellom laga. Vi kan anten lage potetretten i porsjonsformer eller i ei større form og dele i serveringsstykke.
Framgangsmåte
- Skrell poteter og skjer dei i 1–2 mm tjukke skiver. Bruk mandolin, påleggsmaskin eller skivebladet på foodprosessoren.
- Klar smør. Bland potetskivene med det klara smøret, og krydre med salt og pepar.
- Legg potetskivene lagvis i smurde porsjonsformer eller i ei større form, og steik på 200 grader til dei er møre.
- Renn av overskotsfeitt, kvelv potetene ut av forma og server.
For ekstra smak kan du tilsetje lauk mellom potetskivene eller klare smøret med kvitlauk og timian.
Denne retten blir òg kalla boulangerpoteter. Boulanger er fransk og betyr "bakar". Retten består av potetskiver, løk og kraft som blir bakt i ei form i omnen.
Framgangsmåte
- Skrell poteter og skjer dei i 5 mm tjukke skiver.
- Skjer lauk i skiver og fres dei i smør. Ha i potetskivene og brun dei lett.
- Legg poteter og lauk i taksteinmønster i ei eldfast form. Krydre med salt og pepar og dekk med storfekraft. Bak potetene i omnen ved 200 °C til dei er møre.
Potetskiver i fløyte som blir bakte i omnen med smak av kvitlauk og ost.
Framgangsmåte
- Skrell poteter og skjer dei i 3 mm tjukke skiver.
- Skrell og snitt lauk og kvitlauk. Surr raskt i ein kjele, tilset fløyte og mjølk og gi eit oppkok.
- Ha potetskivene i fløyteblandinga og krydre med salt og pepar. La det heile småkoke i 15 minutt.
- Legg potetene i ei smurd eldfast form, og steik ved 200 °C i ca. 25 minutt.
- Strø riven ost på toppen og steik vidare til osten har smelta og fått ein gyllen farge.
I denne videoen får du sjå kokkane lage ein variant av fløytegratinerte poteter.