Hopp til innhald
Fagartikkel

Den berekraftige poteta

Den norske poteta er ei svært klimavenleg og berekraftig råvare. Ho kan dyrkast i nesten heile Noreg, ho er kortreist, og ho er enkel å lagre. Det finst mange ulike sortar med ulik form, farge, storleik og brukseigenskapar.

Når vi jobbar på eit kjøkken, må vi vere klar over kva slags råvarer vi vel å nytte, og korleis vi kan utnytte og behandle dei for å få ein berekraftig produksjon som hindrar matsvinn. I Noreg har vi gode poteter av høg kvalitet, då treng vi ikkje å velje utanlandske sortar som har reist langt og kostar meir, både for miljøet og for lommeboka.

Riktig behandling av potet er viktig for å hindre matsvinn

Riktig oppbevaring er viktig for å hindre at potetene tørkar ut eller får groar. Ved for lys lagring kan potetene utvikle solanin, eit lett giftig stoff som gjer at potetene får ein grøn farge og dårleg smak. Potetene bør bli oppbevarte mørkt og kjølig, mellom fire og seks gradar. Då held dei seg lenger, og du slepp å kaste poteter som har vorte dårlege.

Når du skreller poteter, er det viktig at du ikkje skreller vekk for mykje. Spesielt ved bruk av skrellemaskin kan det skrellast vekk mykje meir av poteta enn det som er naudsynt. Etter maskinskrelling kan du fint fjerne restar med ein handskrellar. Vi bør ta vare på skrelte poteter i kaldt vatn før bruk, elles oksiderer dei og blir brune.

Vaska eller uvaska poteter?

I butikkane i dag finst det stort sett berre vaska poteter. Vaskinga sparer oss kanskje for tid, og mange synest det er meir hygienisk å sleppe å dra jord inn på kjøkkenet. Dessverre reduserer denne vaskinga kvaliteten på potetene. Under vaskinga gjennomgår dei ein mekanisk prosess som kan utsetje dei for støyt. Dermed har dei lett for å bli mjukare i overflata. Jordlaget er med på å verne potetene, og når dette blir vaska vekk, får poteta kortare haldbarheit.

Restar av poteter

Restar av poteter er enkelt å nytte på nytt. Dei er allsidige og passar til mange rettar. Vi kan dele kokte poteter i mindre bitar og steike dei i panna som tilbehøyr til middagen eller steike dei saman med andre grønsaker og eventuelt kjøtt til ein pytt-i-panne.

Kokte poteter kan saman med egg bli til ein sunn og mettande omelett, frittata, matmuffins eller pai. Potetsalat i ulike variantar, potetsuppe, potetmos og potetlomper er døme på andre rettar der restar av kokte poteter er fine å nytte. Her er det berre fantasien som set grenser. Potetskrellet kan òg nyttast, fritert potetskrell er supergod snacks!

Klimavenleg

Å nytte potet som ein del av basismatvarene i kosthaldet kan vere ein del av løysinga på fleire av FNs berekraftsmål. Ho er næringsrik og kan bidra til god helse for fleire menneske, i tillegg er ho svært anvendeleg, rimeleg og bra for miljøet. Poteta gir meir mat per areal enn andre råvarer, og ho er heller ingen storforbrukar av vatn. Ho gir eit svært lågt klimaavtrykk samanlikna med andre matvarer, og ho etterlèt seg mindre CO2-ekvivalentar enn både pasta og ris.

Utfordringer til deg

  1. Kva potetsortar kjenner du til? Er dei norske eller importerte?

  2. Kvifor bør poteter vere ein del av basismatvarene i kosthaldet ditt?

  3. Kva er årsakene til at du bør du velje norsk poteter framfor importerte? Diskuter med ein medelev.

  4. I eit berekraftperspektiv: Bør du bruke poteter, ris eller pasta til middagen din? Diskuter med ein medelev.