Hopp til innhald
Oppgåve

Poteter – tillagingsmetodar

Dette er ei oppgåve der du må nytte kunnskapane dine om ulike tillagingsmetodar for poteter og om ulike potetsortar og eigenskapane deira.

Oppgåve

Mål

Målet med denne oppgåva er at du skal:

  • vise at du kan nytte ulike tillagingsmetodar for poteter
  • vite kva bruksområde dei ulike potetsortane har

Vurdering

Du blir vurdert etter

  • riktig tillaging av potettypane
  • korleis du jobbar (hygienisk, ryddig og effektivt)
  • relevant og riktig informasjon i den brosjyren de lagar

Informasjon til oppgåvene

De må planleggje oppgåvene slik at de kan jobbe med både den teoretiske og den praktiske delen.

Dag 1: fire timar teoretisk undervisning der de jobbar med å lage brosjyre og førebur praktisk økt på kjøkken. Ender med presentasjon av arbeidet.

Dag 2: fire–seks timar praktisk undervisning der de lagar dei rettane som er planlagde. Ender med smaking, vurdering og evaluering av arbeidet.

Klassen blir delt inn i grupper på tre eller fire elevar.

Teoretisk oppgåve

De skal lage ein brosjyre som viser ei oversikt over seks ulike potetsortar (valfrie). Minst to typar mjølne og to typar kokefaste.

Denne informasjonen skal vere med:

  • namn
  • utsjånad
  • bruksområde (mos, salat, kokte, bakte, lefser og så vidare)
  • oppskrifter på tillagingane dykkar av potetene, med bilete av ferdige retter. Sjå praktisk oppgåve.

Praktisk oppgåve

Kvar gruppe får utlevert 1 kg poteter. De må sjølv bestille den sorten de ønskjer å nytte til dei oppskriftene de har fått.

  • Etter avtale med læraren skal de servere alle rettane til prøvesmaking. Rettane hamnar på ein buffé slik at alle elevane kan smake på alle rettane.
  • Som oppsummering av undervisningsøkta skal kvar gruppe forklare framgangsmåten for potetrettane for resten av klassen.

Annan informasjon

Gruppe 1 lagar valfri kald emulsjonssaus som passar til potetrettane.

Gruppe 2 lagar ein enkel grøn salat.

Gruppe 3 lagar ein kjøtrett som passar til potetrettane.

Gruppe 4 dekkjer borda.

De må avtale mengder og tidspunkt for måltid med læraren.

Gruppe 1

De skal lage

  • fløytegratinerte poteter
  • potetmos eller potetpuré
  • duchessepoteter/hertuginnepoteter

Gruppe 2

De skal lage

  • pommes frites
  • nøttepoteter
  • fondantpoteter

Gruppe 3

De skal lage

  • saltbakte poteter
  • hasselbackpoteter
  • cendrepoteter

Gruppe 4

De skal lage

  • Anna poteter/slottspoteter
  • råsteikte poteter
  • røstipoteter
CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Stig Lieberg og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2021