Hopp til innhald
Film og filmklipp

Bakte poteter

Det finst fleire variantar av bakte poteter, og dei kan serverast med eller utan fyll, som ein eigen rett eller som tilbehøyr til kjøt og fisk.

Vi har fleire variantar av bakte poteter:

  • bakt potet
  • fylt bakt potet
  • hasselbackpotet

Bakt potet

Store poteter eignar seg godt til baking, då kan vi servere éin til kvar person.

Framgangsmåte

  1. Skyl potetene og prikk dei med ein gaffel.
  2. Legg havsalt i botnen av ein bakke. Legg potetene oppå saltet, og bak dei i steikjeomnen på 195 °C i 50–60 minutt.
  3. Skjer eit kryss i toppen av kvar potet og klem på poteta slik at ho opnar seg.
  4. Poteta kan no fyllast, eller fyllet kan serverast ved sida av.

Vanleg fyll til bakt potet er smør, kryddersmør, rømme, ost, bacon og skinke, men her er det berre fantasien som set grenser.

Fylt bakt potet

Blir òg kalla dobbelbakt potet. Det er fordi poteta først blir bakt ein gong, så blir innmaten teken ut og blanda med andre ingrediensar, før poteta blir bakt i omnen ein gong til.

Framgangsmåte

  1. Del ei bakt potet på langs og ta ut innmaten. Ta vare på dei uthola potetene.
  2. Passer innmaten frå poteta gjennom ei sikt.
  3. Potetmassen kan no blandast med til dømes fløyte, smør og riven ost. Smak til med salt og pepar.
  4. Fyll massen i ein sprøytepose, og sprøyt han tilbake i dei uthola potetene.
  5. Dryss riven ost over og gratiner potetene til dei har vorte gylne.

Fyllet kan varierast i det uendelege med ulike smakstilsetjingar av urter og krydder, små bitar av grønsaker, bacon, skinke og liknande.

Hasselbackpoteter

Hasselbackpoteter er ein variant av bakt potet. Vi skjer potetene i tynne skiver, utan å skjere heilt gjennom, slik at dei heng saman i botnen.

Framgangsmåte

  1. Skyl og skrell poteter.
  2. Skjer poteta i tynne skiver nesten igjennom, men ikkje heilt, ho skal henge saman i botnen. Tips: Legg poteta inntil skaftet av ei tresleiv eller ei skjerefjøl. Kniven stoppar då mot gjenstanden slik at du ikkje skjer gjennom heile poteta.
  3. Ha potetene i ei eldfast form og pensle med smelta smør. Krydre med salt og pepar og bak potetene i omnen på 200 °C til dei er møre, ca. 30–40 minutt.
  4. Viss du ønskjer, kan du drysse på riven ost når det er fem minutt igjen av steikjetida.

Video

I videoen får dei sjå korleis kokkane lagar ulike variantar av bakt potet.

Video: Amendor AS / CC BY-SA 4.0