Film og filmklipp
Pannesteikte poteter
Poteter kan pannesteikast på mange ulike måtar. Her får du presentert framgangsmåten på nokon av dei mest kjende potetrettene som blir steikte i ei panne.
Noisette er fransk og betyr hasselnøtt. Potetene blir forma som små kuler og blir steikte i panna til dei har ein fin brun farge. Dermed kan dei minne om hasselnøtter.
Framgangsmåte
- Skrell poteter. Bruk eit kulejern til å stikke ut fine og jamne kuler av potetene. Det blir mykje avskjer av potetene når du lagar kuler, ta vare på dette. Det er fint å lage til dømes potetpuré eller potetsuppe av.
- Blansjer potetkulene i lettsalta vatn. Hell av vatnet og damp dei tørre.
- Steik dei blansjerte potetkulene i smør på middels varme til dei er gylne og møre. Krydre med salt og pepar.
Røstipoteter er rivne poteter forma som ei kake og steikt på begge sider.
Framgangsmåte
- Skrell potetene og riv dei på eit rivjern. Klem ut litt av vatnet og krydre dei rivne potetene med salt og pepar.
- Du kan velje å forme potetmassen til fleire små kaker eller å trykkje heile potetmassen ut i panna slik at det blir ei stor kake.
- Steik potetkaka i ei steikjepanne med klart smør på middels varme til kaka er gyllen. Snu kaka ved å leggje eit brett eller ein tallerken over steikepanna, snu alt rundt, og la kaka skli varsamt frå bretta/tallerkenen og ned i panna igjen.
- Steik kaka ferdig i omnen når potetmassen er gyllen på begge sider. Røstien skal vere sprø på utsida og mør inni.
Røstipoteter kan varierast ved å ha lauk, bacon, pancetta eller urter i potetmassen.
Når du skal råsteikje poteter, bør dei ikkje vere for tjukke. Då blir dei fort brune utanpå før dei er møre inni.
Framgangsmåte
- Skrell potetene og del dei i små terningar eller tynne skiver.
- Steik potetene i olje på middels varme i ei steikepanne til dei er møre.
- Tilset smør mot slutten av steikjetida og krydre med salt og pepar. Set eventuelt til smak med friske, finhakka urter.