Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2)
Felles programfag saman med:Bransje og arbeidsliv (RM-KOS vg2)
Råvarer og produksjon
Uansett om du vil bli kokk, servitør eller ferskvarehandlar, må du ha god kunnskap om ulike råvarer og tillagingsteknikkar, næringsinnhald og ein berekraftig produksjon.
Mettingsgarnityr
Mettingsgarnityret er den delen av måltidet som skal gjere deg mett, og det mest nytta er poteter, pasta, ris og brød. Det har òg vorte vanlegare å nytte andre typar mettingsgarnityr, som bønner, linser, couscous og polenta for å nemne nokre.
Potet
Poteta kan nyttast til alt! Det er i alle fall nesten sant. Poteta har utruleg mange bruksområde og kler det meste av smakar. Ho er framleis eit av dei mest populære mettingsgarnityra i Skandinavia.