Hopp til innhald
Fagartikkel

Informert samtykke

Før samfunnsforskaren i det heile tatt kan gjennomføre studia sine, er det viktig at forskingsobjekta har godkjent undersøkingane. Dette betyr at forskaren må innhente det vi kallar for informert samtykke.

Studiane må godkjennast

Når ein samfunnsforskar skal gjennomføre observasjonane sine, har forskingsobjekta krav på å vite at dei er gjenstand for undersøkingar. Det betyr med andre ord at dei må gi si godkjenning for at forskaren skal kunne gå vidare med arbeidet sitt.

Forskingsobjekta har altså rett til å nekte å bli utsett for studiar. Dette inneber at samfunnsforskaren må innhente såkalla informert samtykke for å kunne halde fram med arbeidet sitt. Viss han ikkje gjer det, vil det sjåast på som skjult observasjon og dårleg forskingsetikk. Det kan igjen kan påverke om andre ser på sluttproduktet hans som truverdig eller ikkje.

Informert samtykke betyr at dei som blir observerte må få tilstrekkeleg informasjon om kva studiane skal handle om og kva dei skal brukast til. Dette kan sjølvsagt gjerast på mange forskjellige måtar. Forskaren kan både gi informasjon og innhente samtykke munnleg eller i meir formelle former, for eksempel gjennom ein skriftleg avtale.

Sistnemnte er nok den tryggaste måten, for då har forskaren eit dokument som beviser at dei han skal undersøkje, både veit om og har godkjent studiane. Når alt dette er gjort, kan han gå i gang med arbeidet sitt.

Gjennom informert samtykke kan forskingsobjekta også spesifisere om dei vil bli anonymiserte eller om de ønsker å beskytte delar av privatlivet sitt. På den måten får forskaren nyttig informasjon om korleis han kan vareta forskingsobjekta sitt personvern, samtidig som han utøver god forskingsetikk.