Hopp til innhald

Fagstoff

Frå hypotese til teori

Hypotetisk-deduktiv metode går ut på å forme ut eller setje fram ei generell problemstilling og formulere hypotesar om samanhengar knytte til problemstillinga. Deretter samlar du inn data og testar om hypotesane har noko for seg.
Frå problem, idé eller spørsmål til lag ein hypotese held fram til test hypotesen med eksperiment. Hypotesen held ikkje  og vi går tilbake til lag ein hypotese. Om hypotesen held går vi til hypotesen blir stadfest og vi har ein teori. Illustrasjon/flytskjema.

Kva er ein hypotese?

Ein hypotese er ei meining eller ein påstand om ein samanheng, som er basert på skjønn. Når du skal utforske eit fenomen, kan du begynne med å setje opp ein eller fleire hypotesar for det du trur kan vere samanhengar eller lovmessigheiter. Ein hypotese er altså kvalifisert gissing. Du veit enno ikkje kva løysinga er, men du har ein idé. Ein hypotese må formast ut slik at det lèt seg gjere å falsifisere han. Det vil seie at det må vere mogleg å teste den for å avgjere om han er sann eller ikkje.

For å kontrollere om hypotesen din stemmer, kan du hente inn data og gjere forsøk for å teste han. Om hypotesen ikkje stemmer, kan du hente inn andre data, eller justere hypotesen, for å sjå om du har rett eller ikkje. Det er viktig at forsøka blir så nøyaktig beskrivne at andre kan etterprøve konklusjonane dine ved å gjennomføre eksperimenta på same måten.

Empiri og teori

Dersom dei dataa du samlar inn – empirien – støttar opp om hypotesane, kan du slutte at dei generelle tankane – teorien – kanskje er riktig. Jo fleire liknande hypotesar vi testar, jo sikrare kan vi vere på at den generelle samanhengen er sannsynleg. Dersom andre kjem til det same resultatet som deg, vil det bli einigheit om at hypotesane er ein god modell for å beskrive verkelegheita. Viss forskarmiljøet kjem til ei slik einigheit, vil hypotesane få status som ein teori.

Dersom dataa ikkje bekreftar hypotesane, må dei forkastast, forandrast eller forfinast. Ved å gjenta prosessen fleire gonger kan vi luke bort feilaktige meiningar eller påstandar – og ved hjelp av vidare deduksjon komme eitt skritt nærare konklusjon om ein samanheng eller ei lovmessigheit.

Vi kan likevel aldri vere heilt sikre på at det vi kjem fram til er heilt korrekt, berre at det er sannsynleg. Hypotetisk-deduktiv metode kan aldri bevise at noko er sant, berre bevise at noko ikkje er sant.

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2020

Læringsressursar

Problemstilling og val av metode