Hopp til innhald

Fagstoff

Metode og måleusikkerheit

Når vi skal måle, oppstår det ofte usikkerheit. Kor nøyaktig er måleinstrumentet og metoden? Finst det eit eksakt rett svar, eller varierer det over tid? Kanskje eit gjennomsnitt av fleire målingar gir det beste svaret? Er du objektiv når du observerer, og kor mange siffer skal du bruke i svaret?
Flere forskere arbeider ved et epletre. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Identifiser variablane

Vi må finne ut kva som kan påverke resultatet av forsøket når vi skal gjere naturvitskaplege undersøkingar. Det vi gjer, er å finne dei forholda som kan endrast i løpet av forsøket. Desse blir kalla variablane. Det er enklast å få tydelege resultat dersom du endrar berre éin variabel i gongen.

Systematisk bruk av variablar – omgrep

  • Uavhengig variabel (= variert faktor) – den faktoren som vi endrar i forsøket
  • Avhengig variabel (= målt faktor) – den faktoren som vi måler i forsøket
  • Kontrollerte variablar (= kontrollerte faktorar) – dei faktorane som må haldast konstante fordi dei kan påverke resultata. Desse må vere like kvar gong for at det skal bli ein best mogleg samanheng mellom uavhengig og avhengig variabel.
En serie med frø som spirer i ulike stadier. Foto.

Tenk gjennom

  • Kva for variablar kan tenkjast å påverke spiringa til frø?
    Sorter i uavhengige, aavhengige og kontrollerte variablar.
  • Lag din eigen hypotese om kva du trur påverkar spiringa.
  • Korleis kan du finne ut om hypotesen din stemmer?

Metode

Når du har identifisert variablane, skal du prøve å finne ein metode der du kan kontrollere variablane i forsøket ditt. Då kan du teste ut verknaden av éin variabel i gongen, mens dei andre blir haldne konstante.

Tenk gjennom

Modell av pendel. Tegning.

  • Kva for variablar påverkar svingetida til ein pendel?
  • Kan du lage ein hypotese som det er mogleg å teste?
  • Korleis vil du gå fram for å finne den eller dei faktorane som påverkar svingetida til ein pendel?
  • Er forskinga di objektiv? Opnar metoden for at du kan få andre resultat enn dei du forventa?

Måleusikkerheit

Det er alltid ein fare for å måle feil. Når du måler noko, anten det er masse, pH, lengde, temperatur eller tid, må du jobbe nøyaktig. Om du les av feil, bruker ein unøyaktig målemetode, eller det er feil på utstyret, får du ei feilkjelde som påverkar målingane.

Feil bruk av utstyr eller feil med utstyr påverkar alle resultata, mens tilfeldige misvisingar påverkar einskilde resultat.

Blå og gule striper med grønne kvadrater. Tegning.

Den menneskelege faktoren

Vi menneske lèt oss lett påverke av det vi ønskjer å registrere, eller det vi føler at andre ventar. Dermed registrerer vi ofte at vi ser, luktar og høyrer noko anna enn det vi verkeleg gjer.
Sjølv om det er vanskeleg å unngå denne fella, kan det hjelpe at vi er klar over denne faren og prøver å vere objektive og ærlege når vi observerer.

Korleis kan vi minimere usikkerheita?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2018

Læringsressursar

Problemstilling og val av metode