Samanlikn tekstar med referanse til Skrik - Arbeidsmiljø og dokumentasjon (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Samanlikn tekstar med referanse til Skrik

Måleriet Skrik av Edvard Munch er eit verdskjent ikon i kunsthistoria. I denne oppgåva skal du samanlikne ulike medietekstar som inneheld referansar til Skrik.

Oppgåve 1

I presentasjonen ovanfor finn du ti ulike tekstar, som alle har referansar til Edvard Munchs måleri Skrik. Hugs at vi bruker omgrepet tekst i om både visuelle, auditive og skriftlege tekstar.

Lag ei oversikt over kva tekstar som er

  • primærtekstar

  • sekundærtekstar

  • tertiærtekstar

Forklaringa på desse omgrepa finn du i fagartikkelen "Intertekstualitet i medietekstar".

Oppgåve 2

Samanlikn det visuelle uttrykket i Munchs måleri med det visuelle uttrykket i tekst 1, 2, 3, 4 og 5 ovanfor.

  1. Kva for nokre visuelle element går igjen i dei tekstane som er avbilda i dei fem fotografia?

  2. Kva er den største forskjellen i det visuelle uttrykket?

  3. Kva tilhøyrer tekstane?

  4. Kva prøver tekstane å formidle?

  5. Kva trur du er grunnar til at desse tekstane låner motivet frå Skrik?

Oppgåve 3

  1. Studer tekst 6. Kva samanheng er det mellom Munchs måleri og filmen Scream?

  2. Studer tekst 7 og 8. Desse medietekstane tek for seg same historie. Kva handlar ho om? Forklar forskjellen på korleis desse to medietekstane fortel denne historia.

  3. Studer tekst 9. Forklar ordspelet i tittelen "Siste skrik fra Munch-museet". Kva kallar vi eit slikt retorisk grep?

Oppgåve 4

Tekst 10. Lytt til Fredrik Høyer og Bendik Baksaas si musikalske tolking av måleriet Skrik.

Kva gjer denne tolkinga med opplevinga di av Munchs måleri? Formuler det du tenkjer og føler, i ein personleg tekst med tittelen "Mitt skrik".

Relatert innhald

Fagstoff
Intertekstualitet i medietekstar

Intertekstualitet handlar om korleis tekstar forheld seg til kvarandre, og korleis referansar til andre tekstar kan gi ein tekst utvida betydning.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022