Einvegs- og tovegskommunikasjon - Arbeidsmiljø og dokumentasjon (BA-BAT vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Einvegs- og tovegskommunikasjon

I ein kommunikasjonssituasjon er det nokon som sender informasjonen, og nokon som mottek han. Dersom informasjonen berre går den eine vegen, frå sendar til mottakar, seier vi at vi har med einvegskommunikasjon å gjere. I tovegskommunikasjon vekslar deltakarane på rollene som sendar og mottakar.

Einvegskommunikasjon

I situasjonar med einvegskommunikasjon har vi ein aktiv sendar og ein passiv mottakar. Fordelen med einvegskommunikasjon er at informasjonen raskt kan nå ut til mange utan avbrot. Den største ulempa er at mottakaren ikkje får moglegheit til å spørje om ting hen lurar på. Det kan føre til at bodskapen ikkje blir forstått.

Einvegskommunikasjon skjer gjennom aviser, tv, video, talar og kommandoar. Tidlegare var aviser og tv berre einvegskommunikasjon. I dag ser vi at nettaviser i større grad lèt lesarane stille spørsmål og kommentere, og mange tv-program gir deg og meg moglegheit til å ringe inn eller sende meldingar som kjem på skjermen.

Tovegskommunikasjon

Det som kjenneteiknar tovegskommunikasjon, er ein aktiv sendar og ein aktiv mottakar. I tovegskommunikasjon vekslar deltakarane på rollene som sendar og mottakar. Fordelen med tovegskommunikasjon er at det er mogleg å oppklare misforståingar og kome fram til ei felles forståing.

Når du som fagarbeidar ønskjer tovegskommunikasjon, bør du sørgje for å

  • gi rom for tilbakemeldingar
  • vise omsyn til dine og mottakaren sine forventningar til situasjonen
  • skape felles forståing for situasjonen
  • vere merksam på innhaldet i orda, men også måten dei blir sagt på. Kva formidlar kroppsspråket?

Utfordring til deg:

Lag ei oversikt som viser fordelar og ulemper med einvegs- og tovegskommunikasjon.


Skrive av Kjell Arne Standal, Guri Bente Hårberg og Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2019