Oppgave
Forklar eit yrkesfagleg emne
Samanlikn og undersøk korleis du snakkar om faget ditt med ulike mottakarar.
- Vel eit emne, ein framgangsmåte eller eit omgrep frå fagområdet ditt som du kjenner godt til.
- Lag ei kort forklaring, skriftleg eller munnleg, berekna på ein kollega som kjenner fagspråket.
- Lag ei ny forklaring av det same temaet som i oppgåva over, berekna på ein kunde eller brukar.
- Forklar på ein slik måte at ein som ikkje kjenner faget innanfrå, også kan forstå.
- Samanlikn dei to forklaringane. Kva forskjellar er det mellom dei?
- Gå saman i par og samarbeid om å lage gode forklaringar til begge målgrupper, basert på begge sine bidrag.