Idéutvikling – samling av øvingar
Føremålet med idémyldring er å få fram så mange idear som mogleg utan at ein i første omgang tek omsyn til om dei er spesielt gode eller lèt seg gjennomføre.
Når vi driv idémyldring, er det viktig å sjå på prosessen som ein leik der ingen har lov til å komme med negative kommentarar. Tvert imot gjeld det å støtte alle idear som kjem. Ingen idé er for dum, ingen idé er for vågal eller for rar. Her er det lov å «ta av», og i ein god idémyldringsprosess ler vi mykje.
For å halde orden på ideane kan vi setje dei inn i eit tankekart. Slik får vi systematisert dei. Det er viktig å avslutte idémyldringsprosessen på ein tydeleg måte. For no skal vi sjå på ideane våre med eit kritisk blikk og velje dei vi som gruppe trur best lèt seg gjennomføre for å dekkje det behovet vi har teke utgangspunkt i.
Relatert innhald
Meister er ei enkel øving for å få opp stemninga og få i gang prosessar for idéutvikling. Øvinga eignar seg før de går i gang med å utarbeide idear.
Slumpord med berekraftsmåla til FN er ei øving der du får trent opp evna til kreativitet og assosiasjonstenking.