Her får du gode tips frå Adam og Lasse frå Adams matkasse til kva du bør tenkje igjennom når du skal starte di eiga bedrift.
I videoen høyrer du om korleis Adams matkasse vart etablert. Her kan du plukke opp gode råd til kva du må tenkje på i oppstartsfasen. Adam og Lasse fortel innleiingsvis om idéfasen og avsluttar med å fortelje om kor viktig kundefeedback er.
Vi kan samanfatte tipsa frå Adam og Lasse i følgjande gjeremål:
- utvikle ein idé
- velje namn og domene
- setje saman eit team
- finne målgruppe
- finne ut kva som gjer bedrifta di unik
- bestemme prisstrategi, satse på lågpris eller luksus
- utvikle ein god design, sjå proff ut
- rekne ut behov for kapital, finne finansiering
- få hjelp av venner og kjente
- jobbe hardt
- kome raskt i gang
- halde orden på økonomien
- høyre på kundane, få, ta vare på og nytte kundefeedback
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2019