Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Borevæsker, beregning og laboratorieøvelse

Arbeidsoppdrag

Laboratorieøvelse 2 – endre densiteten i vassbasert borevæske

I denne øvinga skal du endre vekta i slammet ved hjelp av barytt.

Sentralt

  • vektmaterialet barytt

  • utrekning av mengde som skal tilsetjast

  • densitetsmåling

Oppdraget

  • Du skal berekne kor mykje som må tilsetjast borevæska for å auke vekta til eit gitt nivå.

  • Deretter skal du teste eigenvekta til slammet og reologi.

  • Du skal kunne forstå samanhengen mellom eigenskapane til borevæska og dei oppgåvene borevæska har i brønnen.

Du finn ei beskriving av testemetodane i artikkelen Testar som blir utførte på borevæska (ndla.no).

HMS

Det er viktig at du vernar deg sjølv mot væska og pulveret (tørrstoff). Bruk hanskar, briller og laboratoriefrakk. Gjer deg kjend med aktuelle HMS-datablad. Det er ikkje tillate å ete på laboratoriet.

Formlar til vektjustering av slam

Formlane for finn du i artikkelen Labøvelse 1 – test av eigenskapene i vassbasert borevæske (ndla.no).

Formelen for å finne nødvendig masse (barytt)

mA = massen av stoffet som skal tilsetjast

mA=Vslam·d2- d1dA-d2·dA


Vslam = volumet av det opphavlege slammet
d2 = den nye densiteten (auka densitet) i slammet
d1 = den opphavlege densiteten i slammet
dA = densiteten av det stoffet som er tilsett

Formelen for å finne nødvendig volum (barytt)

VBarytt = volumet av barytt som skal tilsetjast

VBarytt=mBaryttρBarytt

mBarytt = massen av barytten som skal tilsetjast
ρ = densiteten av barytten som skal tilsetjast (4,2 kg/l)

API-filtertapstest

Det kjem mest gjennom filteret i byrjinga, derfor les vi av i byrjinga og bereknar resultatet for full tid. Avlesen verdi etter 7,5 minutt skal multipliserast med 2 for å få verdien for 30-minuttstest.

Testing av baseslam

Baseslammet er blanda på førehand for å spare tid. Sjå artikkelen Baseslam til laboratorieøvingar (ndla.no). Det blir brukt baseslam med same eigenskap som i øving 1.

Dersom øvinga blir gjord med same baseslam som i øving 1, kan informasjon om eigenvekt og viskositet blir overført direkte som utgangspunkt for øvinga.

Å bruke barytt for å justere slamdensitet

Lag ein tabell som vist nedanfor.

Test av slam

Utgangspunkt

Auka vekt

Redusert vekt

Slamdensitet, SG

Avlesing v/600 rpm

Avlesing v/300 rpm

Plastisk viskositet

Flytegrense FG

Tilsynelatande viskositet TV

Geléstyrke (lbs/100ft²) 10 sek

Geléstyrke (lbs/100ft²) 10 min

ml filtrat 7 ½ min

Berekn ml filtrat 30 min

pH i filtrat

Filterkaketjukne mm

Konsistens filterkake
(porøs – mjuk/fast – hard)

1. Utgangspunktet

For å kunne justere slammet må vi først kjenne til eksisterande status.

  1. Sjekk slammet i samsvar med tabellen og noter resultatet.

Til rapporten

Set inn dataa frå testane i tabellen.

2. Vege opp slam

Vi kallar ein auke i eigenvekta til slammet for "å vege opp slammet". Når vi skal auke slamvekta, må vi berekne kor mykje barytt som skal tilsetjast det eksisterande slammet.

  1. Du skal rekne ut kor mykje barytt (gram) som må tilsetjast for at slamdensiteten i baseslammet skal bli 1,25 kg/l. Bruk densitet 4,2 kg/l for barytt og rekn ut for det volumet slam du har.

  2. Tilsett berekna baryttmengde forsiktig under miksing og utfør testane i samsvar med tabellen. Følg med på turtalet.

  3. Sjekk densiteten til borevæska i slamvekta.

Til rapporten

Vis utrekninga og set inn dataa frå testane.

Forklar kva effekt barytt har på slam (densitet, viskositet, pH, filtrat og filterkake). kva konsekvensar endringane kan ha for boreoperasjonen.

3. Redusere densitet

I nokre tilfelle skal densiteten til slammet justerast ned. Då blir ei lettare væske tilsett.

  1. Rekn ut kor mykje vatn (densitet 1,0 kg/l) som må tilsetjast for å redusere slamdensiteten til 1,20 kg/l.

  2. Bland forsiktig inn berekna vassmengd og utfør testane i tabellen. Følg med på turtalet.

Til rapporten

Vis utrekninga og set inn dataa frå testane.

Forklar kva som har skjedd med eigenskapane til slammet.

korleis endringane kan verke på borehastigheita, holreinsinga og slamreinsinga.

4. Labrapport

Rapporten skal beskrive eigenskapane til slammet i dei ulike tilstandane, svare på spørsmåla til forsøka og forklare kva konsekvensar endringane i slammet kan forårsake i boringa.

Hugs å beskrive HMS, arbeidsverktøy og arbeidsteknikkane du har brukt.

Rapporten skal vere på minst to sider inkludert tabellen. Ta gjerne bilete i løpet av labøvingane til illustrasjon av rapporten din.

Relatert innhald

Fagstoff
Rapportgenerator

Her finn du eit verktøy til å lage rapportar frå ulike arbeidsoppdrag.

CC BY-SA 4.0Skrive av Sissel Paaske og Stavanger Offshore Tekniske skole (SOTS). Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 18.07.2017