Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Borevæsker, beregning og laboratorieøvelse

Rettleiing

Baseslam til laboratorieøvingar

Her får du oppskrifta på baseslam til laboratorieøvingar.

Baseslam

Baseslam består av vatn, bentonitt og NaOH-perler (kaustisk soda).

For at elevane skal få mest mogleg tid til å arbeide med slamøvingane, er det tilrådd at baseslam blir laga i førevegen i ein større behaldar. Så kan det delast ved oppstart av undervisninga.

Det er behov for 350–400 milliliter baseslam for kvar av dei to øvingane. (Du finn lenkje til øvingane under relatert innhald.)

Blandingsforhold

  • 350 milliliter vatn
  • 10 gram bentonitt (4,2 sg)
  • ¼ gram kaustisk soda

Blandinga skal i minimum 15 minutt, helst 1 time.

Blanding av stort volum til klassen

Behovet er cirka 800 milliliter per elevstasjon.

Start med vatn. Tilset bentonitt forsiktig under miksing. Tilset deretter NaOH-perler (3–4 perler for cirka 3–4 liter).

For å få tilsynelatande viskositet (TV) på rundt 15, er det best å tilsetje 3–5 prosent bentonitt av vassmengda, det vil seie cirka 50 gram bentonitt per liter væske.

Baseslam status

Densiteten er cirka 1,03, og pH er cirka 8–9. TV er cirka 15.

Baseslammet bør agiterast i cirka 30 minutt–1 time.

Dersom baseslammet blir ståande ei stund før øvinga startar, er det naudsynt å agitere nokre minutt til.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017