Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Labøvelse 1 – test av eigenskapane i vassbasert borevæske

Bli kjend med slamlaboratoriet og utstyret. Her skal du teste eigenskapane til vassbasert borevæske og reparere slammet når det har blitt forureina av salt frå brønnen.
Viskosimeter på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentralt

  • auke viskositet

  • redusere viskositet

  • utarbeide labrapport

Oppdraget

  • Du skal bli kjend med laboratorieutstyret og korleis dei vanlegaste testane blir utførte på borevæska.

  • Du lærer òg å observere og reparere eigenskapane til borevæska når ho er utsett for endring på grunn av ytre påverknader.

  • Du skal kunne forstå samanhengen mellom eigenskapane til borevæska og dei oppgåvene borevæska har i brønnen.

I artikkelen Testar som blir utførte på borevæska (ndla.no) finn du meir teori om dette.

HMS

Det er viktig at du vernar deg sjølv mot væska og pulveret (tørrstoff). Bruk hanskar, briller og laboratoriefrakk. Gjer deg kjend med aktuelle HMS-datablad. Det er ikkje tillate å ete på laboratoriet.

Viskositet

Reologien til borevæska blir undersøkt med eit Fann-viskosimeter. Det måler krafta som må til for å starte bevegelse i væska. Foto.

Vi bruker eit Fann-viskosimeter til å måle eigenskapane til slammet mens det er i bevegelse og etter å ha stått i ro ei stund. Målingane blir slik utførte for å illustrere korleis slammet blir brukt i ein brønn.

Formlar til slamtest med Fann-viskosimeter:

Tilsynelatande viskositet (TV målt i )

θ600 = avlesinga ved 600 rpm

TVslam=Θ6002

Plastisk viskositet (PV)

θ300 = avlesinga ved 300 rpm

PV = (θ600 – θ300)

Flytegrense (FG)
FG = θ600 – PV


Slamvekt. Foto.

Måling av eigenvekt

Vi bruker ei slamvekt til å måle densiteten til slammet.

Innhaldet i øvinga

Vi startar med eit bentonittslam. Det blir kalla baseslam fordi det ikkje er tilsett stoff som endrar eigenskapane. Baseslammet kan blandast på førehand for å spare tid.

Du skal først teste dei reologiske eigenskapane (, flytegrense og ). Etterpå skal du endre eigenskapane til slammet med tilsettingar som illustrerer forureining frå formasjonen. Til slutt skal du bruke eit tilsettingsstoff for å reparere det forureina slammet, slik at det kan brukast vidare.

Du skal observere og rapportere eigenskapane i dei ulike situasjonane.

Lag ein tabell som viser avlesingar og utrekningar i dei ulike situasjonane.

1. Test av baseslam

Alle målingar skal noterast inn i rapporten. Ta gjerne bilete undervegs.

Førebuing

pH-papir. Foto.

Du får utdelt 350 ml baseslam (bentonitt).

  1. Mål pH-verdien, han skal liggje mellom 7 og 10.

  2. Miks slammet i labmiksaren i cirka 1–2 minutt.

Test av slam

  1. Sjekk slamdensiteten med ei .

  2. Bruk eit Fann-viskosimeter og ta følgjande avlesingar:
    avlesing v/600
    avlesing v/300 rpm

  3. Sjekk gelstyrken etter 10 sekund.

  4. Sjekk gelstyrken etter 10 minutt.

Behald baseslammet til dei neste øvingane.

Til rapporten

Beskriv hensikta og eigenskapane til baseslammet ().

Fyll inn i tabellen: densitet, avlesingar, gelstyrke og utrekning av plastisk viskositet, flytegrensa og tilsynelatande viskositet.

2. Test av forureina slam

Hald fram med slammet frå den førre øvinga. Slammet skal no bli forureina av salt frå ein saltformasjon.

Førebuing

  1. Tilsett 2 g salt til slammet.

  2. Miks i labmikseren i cirka 1–2 minutt. Legg merke til turtalsendringa i slammiksaren. Beskriv han i rapporten.

Test av slam

  1. Sjekk slamdensiteten med ei Halliburton-vekt.
  2. Bruk eit Fann-viskosimeter og ta følgjande avlesingar:
    avlesing v/600 rpm
    avlesing v/300 rpm

  3. Sjekk gelstyrken etter 10 sekund.

Til rapporten

No har du sett ei endring i eigenskapane til borevæska. Forklar kva effekt salt har på boreslam, og kva konsekvensar dette kan ha for boreoperasjonen ().

Fyll inn i tabellen: densitet, avlesingar, gelstyrke og utrekning av plastisk viskositet, flytegrensa og tilsynelatande viskositet.

3. Test av reparert slam

Hald fram med slammet frå den førre øvinga. Slammet skal no reparerast.

Førebuing

  1. Tilsett 1/2 g lignosulfonat (tynnar) til slammet.

  2. Miks i labmiksaren i cirka 1–2 minutt. Legg merke til turtalsendringa i slammiksaren. Beskriv han i rapporten.

Test av slam

  1. Sjekk slamdensiteten med ei Halliburton-vekt.
  2. Bruk eit Fann-viskosimeter og ta følgjande avlesingar:
    avlesing v/600 rpm
    avlesing v/300 rpm

  3. Sjekk gelstyrken etter 10 sekund.

Til rapporten

Du har no sett ei endring i eigenskapane til borevæska. Forklar kva effekt lignosulfonat har på saltforureina slam.
: Kvifor og når blir tynnaren brukt i boreslam?

Fyll inn i tabellen: densitet, avlesingar frå retorten, gelstyrke og utrekning av plastisk viskositet, flytegrensa og tilsynelatande viskositet.

4. Labrapport

I labrapporten skal du beskrive øvingane og observasjonane og svare på spørsmåla til forsøka. Du skal òg forklare kva oppgåver slammet har i brønnen. Hugs å beskrive HMS, arbeidsverktøy og arbeidsteknikkane du har brukt.

Du viser djupnelæring når du kan fleire årsaker til endringar i eigenskapane til borevæska, og kva konsekvensar desse har for boreoperasjonen og tryggleiken.

Rapporten skal vere på minst to sider inkludert tabellen. Ta gjerne med bilete i labøvingane til illustrasjon av rapporten din.

Relatert innhald

Her finn du eit verktøy til å lage rapportar frå ulike arbeidsoppdrag.

CC BY-SASkrive av Stavanger Offshore Tekniske skole (SOTS), Sissel Paaske og Linda Vasshus Lidal. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 29.06.2018

Læringsressursar

Boring