Hopp til innhald

Fagstoff

Riggen får BOP

Også ein utblåsingsventil kan brukast om att! Bli med når ein BOP blir skifta på ein svær borerigg i Bergen.

Deepsea Stavanger er ein sjettegenerasjons rigg som er eigd av Odfjell Drilling. Han kan operere på havdjup på opptil 3000 meter. Riggen har dobbelt boretårn, som gjer at han kan bore og handtere røyr samstundes.

I 2021 fekk han ein ny BOP om bord. Det vil seie: Eigentleg er han ikkje ny, han blei teken ut frå same riggen i 2016 og har vore i Houston, der han blei vedlikehalden og reparert. No er han god som ny, sjølv om han er frå 2010.

Til ettertanke

  1. Kva er ein BOP?

  2. Kor mykje veg denne BOP-en?

  3. Kvifor blir ein gammal BOP brukt om att?

  4. Kor djupt i havet kan BOP-en stå?

  5. Korleis blir BOP-en plassert på rett stad på havbotnen?

  6. Er det meininga at det skal kome olje opp gjennom BOP-en?

  7. Lærte du noko anna frå denne videoen?

Fordjuping

Bruk NDLA og internett til å finne ut korleis ein BOP verkar.
Lag ei skisse av BOP-en, og plasser ventilane med namn på riktig stad. Forklar plassering, føremål og verkemåte for ventilane.

Relatert innhald

I en BOP er det to typer ventiler: ringventil i hard gummi (annular) og stempelventil i stål (ram).

BOP er sekundærbarrieren som monteres på brønnhodet i forbindelse med boring og brønnvedlikehold.

CC BY-SASkrive av Totaltekst.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Brønnsikringsutstyr for boring