Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike dataframstillingar – ulike inntrykk

Ulike dataframstillingar kan gi ulike inntrykk sjølv om talmaterialet som er grunnlaget for framstillingane er det same.

Nedanfor ser du to diagram som viser utsleppa av karbondioksid i Noreg i perioden 1998 til 2008. Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå.

Bilde av to diagrammer
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det første kurvediagrammet gir inntrykk av at utsleppa i perioden har vore relativt stabile sjølv om det har vore ein svak auke.

Det andre diagrammet beskriv den same utviklinga, men her er andreaksen kutta og viser berre verdiar mellom 39 og 46 millionar tonn. Det inntrykket ein straks får er at utsleppa har auka kraftig i perioden.

Som du ser, kan altså valet av skala på andreaksen ha mye å seie for kva inntrykk lesaren får av eit diagram.

CC BY-NC-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2018

Læringsressursar

Grafisk framstilling