Hopp til innhald

Verktøy og mal

Overtidstillegg – reknearkkommandoen SUMMER()

Ofte når vi held på med rekneark, skal vi summere innhaldet i fleire reknearkceller. Det gjer vi enklast med kommandoen SUMMER().
Rekneark der fast månadslønn, overtidslønn og reisegodtgjersle er skrivne inn. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I fjerde rad er tala summert til 47800 kroner. Skjermutklipp.

Vi tenkjer oss at vi har eit rekneark der vi har celler med fast månadslønn, overtidslønn og reisegodtgjersle. (Reisegodtgjersle er attendebetaling av utlegg ein arbeidstakar har hatt i samband med reiser i jobbsamanheng.) Sjå biletet. I celle B4 ønskjer vi å finne den totale for denne månaden. Vi kan gjere det ved å leggje saman dei tre cellene over med formelen =B1+B2+B3 i celle B4. Alternativt kan vi bruke funksjonen SUMMER() slik:

=SUMMER(B1:B3)

Rekneark der fast månadslønn, overtidslønn og reisegodtgjersle er skrivne inn. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. I fjerde rad er tala summert til 47800 kroner. Formelen i cella der tala er summert er =SUMMER(B1:B3). Skjermutklipp.

Sjå det andre biletet. Formelen legg saman innhaldet av cellene frå og med celle B1 til og med celle B3. Teiknet kolon i formelen betyr at det kjem eit intervall eller eit område. Dette ser ikkje veldig mykje enklare ut enn den første formelen, men tenk om det er 50 celler som skal summerast!

Spørsmål

Vi ønskjer å summere cellene B1 til og med B50 og få resultatet i celle B51. Kva skriv vi i celle B51 då?

Fasit

=SUMMER(B1:B50)

Ein annan ting er at reknearkprogramma ofte har ein snarveg for å få til dette. Oppskrifta er vanlegvis slik:

  • Marker den cella der summen skal stå.
  • Trykk på verktøyknappen for summering (ofte markert med teiknet Σ).
  • Marker med musepeikaren dei cellene som skal summerast. (Ofte kjem det automatisk opp forslag med ferdigmarkerte celler.)
  • Trykk "Enter" på tastaturet.

Eksempel: overtidstillegg

Ellinor har ei fast månadslønn på 42 175 kroner. Talet på timar per månad er 162,5. Ein månad arbeidde Ellinor 5 timar overtid med 40 prosent tillegg i timelønna og 7 timar overtid med 100 prosent tillegg i timelønna.

Oppgåve

Rekn ut samla bruttolønn for denne månaden.

Tips

Hugs å starte med å lage eit inndataområde der du skriv inn så mange av tala frå oppgåveteksten som mogleg. Rekn ut den vanlege timelønna først. Det kan òg vere lurt å rekne ut to vekstfaktorar før du byrjar på sjølve lønnsutrekninga.

Løysingsforslag
Rekneark der inndataområdet omfattar månadslønn, tal på timar per månad, to ulike overtidstillegg i prosent (40 og 100 prosent) og tal på overtidstimar med dei to ulike overtidstillegga. Ut ifrå dette er timelønn, overtidslønn med 40 prosent, overtidslønn med 100 prosent og samla lønn rekna ut. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Legg spesielt merke til utrekninga av overtidslønna. Her er det brukt vekstfaktor slik at overtidslønna blir funne direkte. I celle B14 skal tala i cellene B11 til og med B13 leggjast saman. Då kan vi bruke kommandoen SUMMER() i staden for å skrive inn kvar celle som skal leggjast saman. Prøv å bruke verktøyknappen for summering i reknearket når du skal lage formelen i staden for å skrive han inn manuelt.

Oppgåve

Det er no lett å finne lønn for ein annan månad ved å endre inndataa. Månaden etter arbeidde Ellinor 6 timar overtid med 40 prosent tillegg og 6 timar overtid med 100 prosent tillegg.
Finn bruttolønna hennar denne månaden.

Fasit

Bruttolønna denne månaden var 47 469,58 kroner.

I mange oppgåver skal du bruke rekneark. Dersom du gjer eit skikkeleg arbeid med reknearket i starten, kan du bruke det same reknearket i mange oppgåver berre ved å gjere små endringar.

Filer

Laptop og eple. Foto.

Ting å lære seg om rekneark

Vis innhald

Reknearkfunksjonen SUMMER()

Eksempel:

=SUMMER(B1:B10)

Formelen gir summen av reknearkcellene frå og med B1 til og med B10. Reknearkprogram har som regel ein verktøyknapp for dette.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal, Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 03.08.2021

Læringsressursar

Reknearkkurs: Lønn og sparing