Hopp til innhald

Verktøy og mal

Lønnsutrekningar – enkel bruk av celleadresser

Rekneark er nyttig når vi skal setje opp eit større reknestykke med fleire utrekningar, til dømes eit budsjett. Lønnsutrekningar er fine når ein skal øve på å bruke rekneark.
Norske myntar og setlar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avtalt årslønn

Mange arbeidstakarar i Noreg har avtale med sine arbeidsgivarar om ei fast årslønn. Det er då ein føresetnad at det blir arbeidd eit bestemt tal arbeidstimar. Det er vanleg i Noreg med 37,5 timar per veke.

Ut frå årslønna reknar ein ut månadslønn som årslønn dividert på 12. Arbeidstakaren får lønn kvar månad ho arbeider, men ikkje når ho har ferie. Då får ho i staden feriepengar.

Det kan òg ut frå årslønna reknast ut timelønn. Då må det først reknast ut tal på arbeidstimar per år.

Eit eksempel på korleis dette blir gjort, er at 37,5 arbeidstimar per veke blir multiplisert med 52 veker per år, noko som gir 1 950 timar per år.

Talet på timar per månad blir då 1 950 timar per år dividert med 12 månader per år som er lik 162,5 timar per månad.

Eksempel

Per har ei årslønn på 564 000 kroner. Rekn med 1 950 arbeidstimar i eit arbeidsår. Finn månadslønn og timelønn.

Vi set dette opp i eit rekneark, til dømes i reknearkprogrammet Microsoft Excel eller Google Rekneark. Trykk på reknearkruta øvst til venstre, skriv Inndata og trykk "Enter". Då får vi teksten "Inndata", som vi bruker som overskrift. Vi skriv inn årslønna, talet på månader og talet på timar på tilsvarande måte. Sjå bilete 1 nedanfor. Legg merke til at tekst flyttar seg til venstre i cellene mens tal flyttar seg til høgre.

Rekneark der årslønn i kroner, 564000, tal på månader, 12, og tal på timar, 1950 er skrive inn. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. Skjermutklipp.
Rekneark der årslønn i kroner, 564000, tal på månader, 12, og tal på timar, 1950 er skrive inn. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B. Celle B3 er markert. Skjermutklipp.

Vi skriv inn forklarande tekst i rutene i kolonne A og tala i rutene i kolonne B. Det gir eit ryddig oppsett. Alle rutene, eller tabellcellene som dei blir kalla, har kvar si adresse "kolonnenamn""radnummer". Til dømes står talet 12 i tabellcelle B3 (eller berre "celle B3"). I bilete 2 har vi markert celle B3.

Rekneark der årslønn i kroner, 564000, tal på månader, 12, og tal på timar, 1950 er skrive inn. Overskriftene  er i kolonne A, mens tala er i kolonne B. Ut ifrå dette er månadslønna i kroner, 47000, og timelønna i kroner, 289, rekna ut. Skjermutklipp.

Vi finn månadslønna ved å dele årslønna på talet på månader i eit år, som er 12. Dette lèt vi reknearket gjere i celle B7, sjå bilete 3. Når vi skal rekne ut noko i ei celle i eit rekneark, må vi alltid starte med å skrive eit likskapsteikn =. Symbolet for divisjon er / (skråstrek). Vi kunne ha skrive inn =564000/12 i celle B7 for å få det rette svaret for månadslønna, som er 47 000 kroner, men det er mykje smartare å bruke celleadressene til tal vi reknar med enn sjølve talet. Årslønna står i celle B2, og talet på månader står i celle B3. Derfor skriv vi følgjande reknearkformel i rute B7:

=B2/B3

og trykkjer "Enter". Vi får rett svar.

Merk:

  • Dersom vi ønskjer å sjå formelen vi har skrive inn i celle B7, kan vi klikke éin gong på cella og sjå formelen i cella oppe i formellinja øvst i reknearket.
  • Dersom vi ønskjer å endre på innhaldet i ei celle, kan vi anten klikke éin gong på cella og redigere innhaldet oppe i formellinja eller dobbeltklikke på cella og redigere direkte i cella.

Oppgåve

I celle B8 skal vi rekne ut timelønna. Kva blir rett reknearkformel her?

Løysing

Timelønna finn vi ved å dele årslønna på talet på timar i eit år. Rett reknearkformel blir

=B2/B4

Spørsmål

Kvifor kan det vere smart å bruke celleadressene i staden for tala direkte når noko skal reknast ut?

Svar

Dersom vi no skal finne månadslønna for ei anna årslønn, kan vi berre skrive inn den nye årslønna i celle B2. Då vil reknearket automatisk rekne ut den nye månadslønna.

Oppgåve

Bruk reknearket til å finne månadslønn og timelønn dersom årslønna er 612 000 kroner.

Løysing

Vi endrar årslønna i celle B2 til 612 000 og ser at månadslønna blir 51 000 kroner og timelønna blir 313,85 kroner.

Formelvising

Rekneark der årslønn i kroner, 564000, tal på månader, 12, og tal på timar, 1950 er skrive inn. Overskriftene  er i kolonne A, mens tala er i kolonne B. Ut ifrå dette er månadslønna i kroner rekna ut ved å skrive er lik B 2 / B 3 i celle B 7 og timelønna i kroner rekna ut ved å skrive er lik B 2 / B 4 i celle B 8. Skjermutklipp.

Vi kan sjå alle formlane i eit rekneark på éin gong dersom vi slår på formelvising i reknearket. I reknearket Excel finn du denne funksjonen under fanen "Formlar". I Google Rekneark ligg funksjonen i menyen "Vising". På biletet ser du korleis formelvisinga ser ut med reknearket frå eksempelet over.

Når du løyser oppgåver med rekneark på prøver og på skriftleg eksamen og leverer digitalt, skal du alltid ta med ein kopi av reknearket der formlane blir vist.

Rekneskapsnummerformat

Rekneark der årslønn i kroner, 425100, tal på månader, 12, og tal på timar, 1950 er skrive inn. Overskriftene er i kolonne A, mens tala er i kolonne B. Ut ifrå dette er månadslønna i kroner, 35425, og timelønna i kroner, 218, rekna ut. Cellene som inneheld kronebeløp har k r til venstre for sjølve beløpet sidan det er slått på rekneskapsnummerformat. Skjermutklipp.

For å få resultatet til å sjå betre ut i reknearket, kan vi slå på rekneskapsnummerformat. For å få til det, markerer vi dei cellene som inneheld ein pengesum og trykkjer på ein knapp på verktøyrada øvst i reknearket med eit pengesymbol på. Då blir resultatet som på biletet til høgre.

Spørsmål

Kvifor kan vi til dømes ikkje skrive rett inn "kr 564 000" for årslønna i celle B2? (Prøv gjerne!)

Svar

Dersom vi skriv inn tekst saman med sjølve talet for årslønna, vil innhaldet i cella bli oppfatta som tekst. Reknearket kan ikkje rekne med tekst, så vi får feilmelding i dei cellene der vi har formlar der celle B2 er ein del av formelen.

Filer

Eksempel: bruttolønn, nettolønn og skatt

Innleiing

Den lønna som står i avtalepapira mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, kallar vi . Arbeidstakaren får ikkje utbetalt bruttolønna. Arbeidsgivar trekkjer frå skatt, som blir betalt inn til det offentlege. Vi seier at det blir gjort eit forkotstrekk av skatt.

Først når skatt og eventuelle andre frådrag (sjå nedanfor) er gjort, får arbeidstakaren utbetalt resten, som vi kallar .

Arbeidsgivar kan òg trekkje innbetaling til pensjonssparing og fagforeiningskontingent automatisk. Når arbeidsgivar gjer dette for arbeidstakaren, skal desse summane trekkjast frå bruttolønna før forskotstrekket blir rekna ut og til slutt trekt frå.

Oppgåve

Olav har ei fast månadslønn på 40 000 kroner. Han blir trekt 27 prosent i skatt, og arbeidsgivar trekkjer 450 kroner kvar månad til fagforeininga Olav er medlem av.

Set opp eit rekneark, og rekn ut kva nettolønna til Olav blir.

Løysingsforslag
Rekneark med inndataområde som inneheld månadslønn, fagforeiningskontingent og skattetrekk i prosent. Nedanfor er trekkgrunnlaget for skatt, sjølve skatten og nettolønna rekna ut. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nettolønna til Olav blir 28 871,50 kroner.

Vi har laga eit inndataområde der vi skriv inn opplysningane. Som i det førre eksempelet, har vi slått på rekneskapsnummerformat på dei cellene som inneheld eit kronebeløp. (Vi har ikkje skrive «kr» inn i desse cellene.) Vi har òg unngått å skrive prosentteikn inn i cella med skattetrekksprosenten, for då kan cella automatisk få såkalla prosentformat, som kan medføre at talet vi skriv inn blir delt på 100.

I området for utrekningar hentar vi bruttolønna og fagforeiningskontingenten frå inndataområdet og trekkjer dei frå kvarandre for å finne det talet skatten skal reknast av. (Hugs at automatisk trekk av fagforeiningskontingent er skattefritt.) Så reknar vi ut skatten i celle B12 og trekkjer den frå for å finne nettolønna til slutt.

Oppgåve

Kor stor blir nettolønna til Olav om skatteprosenten blir endra til 25?

Løysing

Vi endrar skatteprosenten i celle B6 til 25. Då blir skattetrekket og nettolønna automatisk endra ut ifrå den nye skatteprosenten. Olav vil no få auka nettolønna frå 28 871,50 kroner til 29 662,50 kroner, ein auke på 791 kroner.

Utfordring

Kan du på ein enkel måte få reknearket til å rekne ut skilnaden i nettolønn med dei to skatteprosentane?

Løysingsforslag

Vi har at når skatteprosenten er 25, tyder det på at nettolønna utgjer 100 – 25 = 75 prosent av trekkgrunnlaget. Tilsvarande vil nettolønna vere 73 prosent av trekkgrunnlaget ved 27 prosent skattetrekk. Skilnaden på dei to nettolønnene utgjer 2 prosent av trekkgrunnlaget. Det betyr at dersom vi set skatteprosenten til 100 – 2 = 98, vil nettolønna vere 2 prosent av trekkgrunnlaget, altså det vi ønskjer å finne.

Filer

Laptop og eple. Foto.

Ting å lære seg om rekneark

Vis innhald

Celleadresser

Adressa til ei celle finn vi ved å sjå namnet på kolonnen og nummeret på rada tabellcella står i. Eksempel: B2 er adressa til cella der månadslønna står i eksempelet ovanfor.

Utrekningar og formlar

Utrekningar i rekneark skal byrje med likskapsteiknet =.

Dei fire rekneartane pluss, minus, gonge og dele er +, -, * og /. (Dette er heilt likt som i programmeringsspråket Python.)

Når vi skal rekne ut 2 opphøgd i tredje, 2³, skriv vi =2^3.

Vi kan lage formlar ved å referere til celleadresser. Dersom vi ønskjer å multiplisere innhaldet i celle B2 med med innhaldet i celle B3 og få resultatet i celle B7, må vi gå til celle B7 og skrive =B2*B3.

Rekneskapsnummerformat

Vi kan slå på rekneskapsnummerformat på celler som inneheld pengeverdiar. Då vil det i cellene automatisk stå "kr" først, og talet får to desimalar.

Inndataområde

Dersom vi er flinke til å lage inndataområde i reknearket vårt, er det lett å gjere endringar på tala der og sjå kva slags endringar dette fører til nedover i reknearket. Dette gjer at vi brukar fleire celler i reknearket enn det vi eigentleg treng for å løyse oppgåva, men det har sine fordelar.


CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal, Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Reknearkkurs: Lønn og sparing