Priskalkyle i blomsterbransjen
Prisen er det kunden betaler for eit produkt. For å berekne prisen kan vi bruke ulike prissetjingsmetodar. Det vil variere litt frå butikk til butikk kva metode som blir brukt. Under er eit døme på korleis du kan rekne ut pris på buketten på biletet ovanfor.
Beskriving | Tal | Innkjøpspris per stk. utan mva. | Påslagstal | Total utsalspris inkl. mva. |
---|---|---|---|---|
Antirrhinum majus | 5 | kr 8 | 4 | kr 160 |
Zinnia | 8 | kr 7 | 4 | kr 224 |
Prydgras | 3 | kr 4 | 4 | kr 48 |
Staffasje | 1 | kr 36 | 2 | kr 72 |
Mellomstikk | 1 | kr 40 | 2 | kr 80 |
Sum produkt | kr 584 | |||
Arbeidspengar per time eller % | kr 50 | |||
Sluttsum produkt | kr 634 |
Nedanfor kan du laste ned utrekninga i eit rekneark.
Filer
- Priskalkulering bukett(XLSX)
Meirverdiavgift (mva.)
Meirverdiavgift (mva.) er ei avgift til staten på sal av produkt. I ein påslagskalkyle er meirverdiavgifta inkludert.
Ein av prissetjingsmetodane blir kalla kostnadsbasert, sidan vi kalkulerer utsalsprisen med utgangspunkt i kostnadene til produktet. Vi kan bruke ulike kalkylar ved kostnadsbasert prissetjing, ein av dei er påslagskalkylen.
I påslagskalkylen nyttar vi eit påslagstal, som er det talet du gongar innkjøpsprisen med for å berekne utsalspris inklusiv meirverdiavgift. I blomsterbransjen kallar vi ofte dette talet for kalkulasjonsfaktor.
Du kan til dømes kjøpe inn ein gerbera for 8 kroner. For at du skal få dekt inn dei faste kostnadene, og dessutan få ei forteneste, må prisen kunden betaler, vere høgare enn innkjøpspris. I blomsterbransjen bruker vi ofte eit påslagstal mellom 2,5 og 6.
Ein annan prissetjingsmetode er den marknadsbaserte, der vi i staden for å ta utgangspunkt i kostnadene, tek utgangspunkt i kva marknaden er villig til å betale.
Vi veit at marknadspris, altså den prisen som er vanleg å ta for gerbera, er 30 kroner. Innkjøpsprisen kan variere, gerbera vil til dømes nokre gonger berre koste 3 kroner. I dette tilfellet kan butikken velje å ha eit påslagstal på 10 og dermed tene meir på kvar blomster dei sel. Eller dei kan velje å ha ein kampanje der dei sel gerbera for 12 kroner.
Materiale | Innkjøpspris utan mva. | Påslagstal | Pris til kunde |
---|---|---|---|
Gerbera | kr 8 | 4 | kr 32 |
Gerbera | kr 3 | 10 | kr 30 |
Gerbera | kr 3 | 4 | kr 12 |
Faste utgifter i ein blomsterbutikk er til dømes husleige, straum, telefon og nett, emballasje, verktøy og utstyr. Lønn til dei tilsette er ei stor fast utgift. Det er viktig at påslagstalet er stort nok til å dekke faste utgifter.
Det er vanleg å legge til arbeidspengar anten i form av timepris, prosentdel av materialkostnader eller å runde opp prisen.
Ulik praksis
Faste prisar for blomsterarbeid: Då kostar det til dømes 50 kroner for å binde opp ein bukett.
Timepris for blomsterarbeid: Vanlegvis vil vi rekne eit kvarter på å lage ein bukett, og med ein timepris på 300 kroner blir det då lagt til 75 kroner for arbeidet.
Prosenttillegg på materialkostnadene: til dømes 10 %.
Runde opp: Blomsterdekoratøren som lagar bukett direkte over disk til kunden, kan kunne runde opp sluttsummen til heile femti eller hundre kroner.
Måte å rekne arbeidspengar på | Kalkulert pris på bukett | Arbeidspengar | Pris til kunde |
---|---|---|---|
Fast pris (kr 50) | kr 318 | kr 50 | kr 368 |
Timepris (300 kr per time). 15 min | kr 318 | kr 75 | kr 393 |
10 % av materialprisen | kr 318 | kr 31,80 | kr 349,80 |
Runde opp materialprisen til næraste heile femti | kr 318 | kr 32 | kr 350 |
Arbeidspengar for større arrangement, sorgbinderi eller bryllaupsbinderi
Det er vanleg å legge til meir arbeidspengar for meir tidkrevjande arbeid. I sorgbinderi er det vanleg å legge til 20 % arbeidspengar. I bryllaupsbinderi blir det gjerne rekna timepris, eller ein bruker ein fast startpris som dekker kundemøte og planlegging.
I større oppdrag for dekor til storhendingar som prisutdelingar, markeringar og jubileum er det gjerne fleire steg i designprosessen. Det kan vere skisser til kunde, utprøvingar, produksjon av større konstruksjonar og montering av sjølve arbeidet. Då er det vanleg å bruke timepris.
Relatert innhald
Utrekning av pris på blomsterarbeid til større arrangement, bryllaupsbinderi og sorgbinderi.