Håvard synest det er vanskeleg å halde orden på videospela sine. Han har sett seg lei på at dei flyt rundt. Ut frå dette har han fått ideen om å produsere ein oppbevaringsboks for videospel.
- Han kan få tak i videospel-boksar til 8 kroner per stykk.
- I boksane vil han montere ei inndeling til 3 kroner per stykk.
- Direkte løn for å montere inndelinga i boksane er 6 kroner per stykk.
- Håvard reknar med eit tillegg på 40 prosent for indirekte kostnader. Han vil ha 40 prosent forteneste. Meirverdiavgifta er 25 prosent.
- Han ser for seg at han kan selje 3 000 boksar det første året.
Oppgåve 1
- Set opp ein sjølvkostkalkyle for éin videospel-boks, og finn salsprisen for ein videospel-boks med meirverdiavgift.
- Rekn ut dekningsbidraget for ein videospel-boks i kroner og prosent. Bruk salsprisen du kom fram til i oppgåve 1 a.
- Rekn ut det totale dekningsbidraget.
Oppgåve 2
Dekningspunktet er kor mange produkt ei bedrift må selje for å få dekt alle dei faste kostnadene sine. For å finne dekningspunktet tek du summen av dei faste kostnadene og deler han på dekningsbidraget per produkt.
For det første driftsåret har Håvard budsjettert med desse faste kostnadene:
Faste kostnader, type | Faste kostnader, kroner |
---|---|
Husleige/straum | 15 000 kr |
Løn | 100 000 kr |
Administrasjonskostnader | 30 000 kr |
Marknadsføringskostnader | 30 000 kr |
Avskriving | 10 000 kr |
Rentekostnader | 2 000 kr |
- Rekn ut dekningspunktet, det vil seie kor mange videospel-boksar Håvard må selje for å få dekt dei faste kostnadene.
- Vil du rå Håvard til å produsere og selje videospel-boksar? Grunngi svaret.
- Kor mykje må produktet koste for at han skal få dekt alle dei faste kostnadene dersom han sel 3 000 boksar?
Fasit oppgåve 1 a
Salsprisen med meirverdiavgift for ein videospel-boks er 41,65 kroner.
Fasit oppgåve 1 b
Dekningsbidraget er 16,32 kroner, eller 49 prosent.
Fasit oppgåve 1 c
Det totale dekningsbidraget er 48 960 kroner.
Fasit oppgåve 2 a
Dekningspunktet er 11 459 einingar.
Løysingsforslag oppgåve 2 b
Med ein salspris på 41,65 kroner må Håvard selje nesten fire gonger så mange videospel-boksar som han trudde, for å kunne dekkje dei faste kostnadene. Alternativt må han vere trygg på at han kan framleis kan selje 3 000 boksar sjølv om han aukar prisen kraftig. Det ser vanskeleg ut.
Fasit oppgåve 2 c
Salsprisen må vere minst 99,17 kroner for at Håvard skal få dekt dei faste kostnadene.
Her kan du sjå utrekningane i eit rekneark: