Storleikar, måltal og måleiningar
Ein storleik består av eit måltal og ei måleining som vi måler storleiken i. I tillegg bruker vi ofte eit symbol for storleiken.
Du har vore ute og øvingskøyrt med bil. Du har køyrt ei strekning på 20 km i løpet av ein halvtime.
I dette dømet er det to storleikar: ei strekning og ei tid. Strekninga har måltalet 20 og måleininga km (kilometer). Ofte bruker vi symbolet for strekning.
Spørsmål
Kva er måltalet og måleininga til tida?
Vi ønskjer å rekne ut kva farten på køyreturen blir i gjennomsnitt. Fart er ein storleik der vi ofte bruker symbolet
Gjennomsnittsfarten blir
Ofte skriv vi svaret med skråstrek: 40 km/h. Hugs at både brøkstrek og skråstrek betyr "delt på".
Oppgåve
Kva blir måltalet og måleininga til farten her?
Legg merke til at når vi tek med måleiningane i reknestykket, får vi automatisk måleininga til svaret.
Rekning med måleiningar i GeoGebra
Vi kan leggje inn reknestykket inkludert måleiningane i CAS i GeoGebra, og GeoGebra vil rekne ut både måltalet og måleininga for oss.