Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bifangst

Bifangst er fangst av andre artar enn det det eigentleg blir fiska på, og som fartøyet ikkje har kvote på. Her lærer du å rekne ut kor mykje bifangst du lovleg kan ha.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi fiskar, er det ofte ikkje til å unngå at det blir ei blanding av fleire fiskearter. Det er derfor tillate med ein viss prosent bifangst som lovleg kan landast og omsetjast.

Bifangstprosent

Den tillatne blandinga kallast bifangstprosent og blir bestemd av fiskeristyresmaktene.

Kva det enkelte fartøyet kan ha i bifangst, er nøye regulert og kjem an på fleire faktorar, mellom anna storleik på fartøy, fartøygruppe, kvoterettar, område, avstand til grunnlinja (land), reiskapstype og maskestorleik. For kystflåten kan bifangst avreknast kvar veke. Forskrifta blir stadig endra, så det er viktig å følgje med på kva som er gjeldande reglar.

Reknneoppgåve

Bruk rekneark når du løyser oppgåva.

Du kombinerer krabbeteiner og seigarn og kan ha følgjande bifangst i løpet av veka:

  • 30 % bifangst av uer
  • 25 % bifangst av torsk
  • 15 % bifangst av breiflabb

Du leverer og summerer opp sluttsetlane for veka som har gått. Dei viser at du har fanga følgjande:

  • sei 1650 kg
  • krabbe 1500 kg
  • uer 1150 kg
  • breiflabb 300 kg
  • torsk 500 kg
  1. Start med å setje opp eit rekneark der du skriv inn alle tala over i eit inndataområde.
  2. Rekn ut den totale vekefangsten i kilo.

    Tips

    Bruk reknearkkommandoen SUMMER().

    Fasit

    Den totale vekefangsten er 5100 kg.

  3. Rekn ut kor stor prosentdel av vekefangsten den enkelte arten utgjer.

    Tips

    Her må du til dømes for seien rekne ut kor mange prosent 1650 kg er av 5100 kg.

    Fasit

    Fangst av sei: 32,4 %
    Fangst av krabbe: 29,4 %

    Fangst av uer: 22,5 %
    Fangst av breiflabb: 5,9 %
    Fangst av torsk: 9,8 %

  4. Er grensa for kor mykje bifangst du kan ha for nokre av artane, overskriden denne veka?

    Fasit

    Nei

  5. Bruk dei same tala som over, men gå ut frå at det ikkje vart landa krabbe denne veka.
    1. Kva er den totale vekefangsten?

      Fasit

      Den totale vekefangsten er no 3600 kg.

    2. Kor stor prosentdel av vekefangsten utgjer dei ulike artane?

      Fasit

      Fangst av sei: 45,8 %
      (Fangst av krabbe: 0 %)
      Fangst av uer: 31,9 %
      Fangst av breiflabb: 8,3 %
      Fangst av torsk: 13,9 %

    3. Er bifangsten av nokre av artane for stor denne veka?

      Fasit

      Ja, no er det for mykje bifangst av uer.

  6. Lag reknearket slik at det skriv "Nei" eller "Ja" i cellene bak prosentdelane for uer, breiflabb og torsk avhengig av om dei tillatne bifangstane er overskridne eller ikkje.
    Tips

    Her kan du bruke kommandoen HVIS() i desse cellene.

    Tips 2

    Vilkåret i HVIS()-kommandoen kan vere at viss prosenten er større enn den tillatne bifangsten, skal det stå "Ja". Elles skal det stå "Nei". Hugs at både "Ja" og "Nei" må stå i hermeteikn i kommandoen.

  7. Skriv ein algoritme for eit dataprogram som gjer det same som reknearket. Programmet skal ta imot alle tala og skrive ut til skjermen prosentdelane av vekefangsten og angi om mengda tillaten bifangst er for stor eller ikkje.
  8. Lag dataprogrammet etter algoritmen over.

Filer

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kyrre Pettersen, Ragnhild Kjeldsen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2020

Læringsressursar

Prosent og prosentvis vekst