Fagartikkel
Isolasjonsmåling
Ved hjelp av isolasjonsmåling finn vi ut om den elektriske installasjonen inneheld jordfeil. Vi bruker ein isolasjonsmålar og følgjer ein fast prosedyre. Målinga er enklast å gjennomføre i fordelingsskåpet.
Vi isolasjonsmåler (meggar) for å sjekke at det elektriske anlegget er «tett». For å forsikre oss om at det ikkje er jordfeil i installasjonen, måler vi derfor isolasjonsresistansen mellom kvar spenningsførande leiar og jord. Denne målinga er enklast å gjere i fordelingsskåpet.
Prosedyre
- Slå av spenninga på anlegget.
- Kople frå utstyr som inneheld elektroniske krinsar. Slikt utstyr kan nemleg bli øydelagt av målinga.
- Kople den svarte målepinnen (merkt Earth) på PE jord-skjena i fordelingsskåpet, og la ho stå der.
- Kople den raude målepinnen (merkt Line) til éin og éin fase. Slik gjer du til du har målt alle kursane.
Denne testen blir utført med ei spenning på 500 V, og forskriftene seier at vi må ha minimum 1 Mohm for at anlegget skal vere godkjent.
Ein les av verdien i dette displayet. Alle verdiar over 1 Mohm er godkjende i vanlege krinsar opp til 500 V.