Hopp til innhald

Fagstoff

Montering av varmekjelder

Slik monterer du dei mest brukte varmekjeldene i bustader, med forskrifter og normer.

Gjennomstrøymingsomn

Ein panelomn og ei varmelist. Foto.

Ein gjennomstrøymingsomn blir installert i ein bustad for å halde jamn og fin temperatur inne. Om ein klarer å halde kulda ute, vil innetemperaturen bli behageleg. Når ein plasserer panelomnen/gjennomstrøymingsomnen, er det dette prinsippet som ligg til grunn. I eit hus er det vindauga som slepper gjennom mest kulde frå omgivnadene. For å forhindre dette plasserer ein panelomnar/gjennomstrøymingsomnar under vindauga. Elektrofagmannen plasserer derfor ofte stikkontaktar rett ved sida av vindauga (ved lista), slik at kunden kan plugge i varmeomnen der.

Reflektoromn

Reflektoromnar i tre storleikar. Foto.

Ein reflektoromn gir frå seg ei form for strålevarme. Denne typen omn er ikkje mykje brukt ved nye installasjonar i dag, men er installert i mange bad i litt eldre hus. Overflatetemperaturen i ein slik omn kan bli ganske høg. Derfor er det viktig at vi følgjer monteringsinstruksen frå leverandøren når vi skal installere ein slik omn. Reflektoromnar bør ikkje installerast i vanlege opphaldsrom, sidan strålevarme treffer ei overflate og reflekterer. Om ein står mykje i eit rom med strålevarme, kan ein få hovudverk.

Hugs alltid å følgje forskrift om elektriske lågspenningsanlegg, FEL.

Varmekabel

Varmekabelkveil med emballasjeeske. Foto.

Varmekablar kan leggjast på ubrennbare og brennbare underlag. Leverandørane og produsentane merkjer varmekabelen med installasjonsinstruks. Før måtte vi forhalde oss til tabellar og effektgrenser, men i dag finn vi ofte denne informasjonen på emballasjen.

Før vi legg ein varmekabel, må vi forsikre oss om at sjølve kabelen er skadefri. Vi må måle leiarresistansen og isolasjonsresistansen i varmekabelen både før legging, etter legging og etter at kabelen er dekt til. Det er tilrådd å leggje varmekabel på hønsenetting for å spreie varmen jamt. Fest kabelen med ca. 30 cm mellomrom med til dømes strips (det finst òg andre festemekanismar). Før du legg varmekabel, bør du finne avstanden mellom sløyfene – dette heiter senteravstanden. Senteravstanden kan du enkelt finne ved å dele nettoarealet på kabellengda og gonge med 100. Resultatet blir då i centimeter. Dersom du skal leggje temperatursensor i golvet, må du òg ta omsyn til dette ved å leggje eit tomt røyr som du tettar i enden med til dømes teip.

Sjekk elles:

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Varme og varmestyring