Hopp til innhald

Fagstoff

Å utnytte solenergien

Energien som stråler frå sola, er grunnen til at dei aller fleste andre energikjeldene vi bruker i dag, eksisterer. Vi menneske har lært oss å utnytte energiprodukta vi får frå sollys, som mat, fossilt brensel, vind og bølgjer.
Ingeniør ved solcellepanel på ein byggjeplass. Fleire ingeniørar/montørar og solcellepanel i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Solfangarar og solceller transformerer energien frå sola

I dag utnyttar vi i hovudsak energien frå sola på to måtar: ved å forme energien om til varme ved hjelp av solfangarar eller til elektrisk energi ved hjelp av solceller.

Viss 1 prosent av ørkenområda på jorda hadde vore dekt av solcellepanel, ville det i seg sjølv vore nok til å produsere energi til alle på jorda. Teknologien, den praktiske gjennomføringa og kostnadene per panel set dessverre ein stoppar for å gjennomføre noko slikt.

Passiv bruk av solenergien

Passiv bruk av solenergi har vorte nytta av menneska heilt sidan ein byrja å byggje hus. Det er vanleg å byggje eit hus vendt mot sør slik at ein kan utnytte varmen og lyset som kjem frå sola. Slik sparer ein straum.

Glas slepp gjennom kortbølgja stråling, og møblane inne i huset kan absorbere denne energien for så å sende ut langbølgja stråling som gir varme til huset. Dette fungerer på same måten som eit drivhus. Viss ein vel dei rette materiala, kan ein utnytte denne varmen endå betre.

Det er svært vanleg å byggje hus, leilegheiter og andre bygningar med tanke på å utnytte solenergien best mogleg. God isolasjon er også viktig for å spare energi. I dag blir dei fleste solenergisystema planlagde i nybygg, men det er mogleg å gjere om eit eldre hus til solhus òg.

Meir miljøvenleg oppvarming med solfangarar

Familien Bille i Danmark budde lenge i eit hus som vart varma opp av ein stor oljebrennar. Dette var lite miljøvenleg, så dei monterte fire flate solfangarar på taket. Ved å gjere dette skaffa dei familien alt det varme vatnet dei trong mellom mai og oktober. Sjølv på kalde vinterdagar greidde dei å varme opp vatnet til 55 grader.

Varmt vatn frå solfangarane på hustaket renn gjennom eit stort spiralforma røyr og varmar opp vatnet i tanken. Når det ikkje er nok sol til at solfangarane fungerer, tek oljebrennaren over og sender varmt vatn gjennom det vesle spiralforma røyret. Varmt vatn som ikkje blir brukt med det same, kan lagrast i fleire dagar i ein isolert tank.

Denne enkle oppbygninga har redusert familien sitt forbruk av fyringsolje med 500 liter i året. Nokre solhus har både solfangarar og solcellepanel.

Fordelar med solenergi

  • Fornybart: Solenergi er ei fornybar energikjelde. Å bruke solenergi medfører inga forureining. Det økologiske fotavtrykket kjem i hovudsak ved produksjon av silisium til solcellene.

  • Miljøvenleg: Energien som blir produsert, er heilt miljøvenleg og vil på sikt bidra til å motverke global oppvarming og avgrense uttømminga av lagerressursane på jorda.

  • Potensial i u-land: Mange u-land har god tilgang på sol. Her vil det vere billegare å installere solceller enn å kople seg til eit kraftnett.

  • Lett å halde ved like: Solfangarar og solceller er enkle konstruksjonar som er haldbare og lette å halde ved like.

  • Usynleg: Ein kan plassere solceller nesten over alt: på tak, vegger, vindauge, bilar, kalkulatorar og så vidare. Dei treng ikkje ta like stor plass som ein vindpark eller eit vassmagasin. Dessutan kan dei vere «usynlege», slik som på operahuset i Oslo.

  • Stort potensial: Sola skin over alt. Alle stader har potensial for solenergi, sjølv om nokre stader har meir enn andre.

Ulemper med solenergi

  • Låg effekt: Dagens solcellepanel har ein verknadsgrad på ca. 20 prosent, det vil seie at dei klarer å gjere om 20 prosent av all energien som er i sollyset, til elektrisk energi. Dei siste åra har verknadsgraden auka for kvart år etter som teknologien har vorte betre. Spesielt blir det gjort store kvantesprang innan nanoteknologi, som heilt sikkert vil bidra til å auke effektiviteten. Viss du vil, kan du lese artikkelen om verknadsgrad.

  • Dyrt: Ei anna ulempe med solcellepanel er at dei kostar mykje å lage i forhold til mengda elektrisitet dei produserer. Derfor vil solcellepanel berre vere økonomisk lønnsamt i område med jamn tilgang på sol. Land som Noreg eignar seg ikkje spesielt godt, men sidan prisen på solceller stadig fell og i dag ligg på berre ca. 3 kroner per watt, er det fleire og fleire som vel denne energiforma her òg.

  • Forureinande produksjon: Produksjon og utvinning av silisium er ein krevjande og forureinande prosess.

CC BY-NC-SARettshavar: UngEnergi
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Solkraft