Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor resirkulere mobilen?

Du har sikkert minst éin gammal mobiltelefon liggjande i skuffen. Kva kan du gjere med han? Jo, du resirkulerer han, så klart!

Kvar blir elektronikk sortert?

Over heile landet kan vi levere elektronisk avfall inn til ein butikk som sel den typen produkt vi skal sortere. Det vil seie at viss du skal levere inn ein mobil til resirkulering, kan du gjere dette på ein butikk som helst i landet som sel mobiltelefonar. Det treng ikkje å vere same butikken som du kjøpte han frå, og butikken treng ikkje å selje akkurat den same mobilen som du leverer. Somme selskap gir deg i tillegg pengar tilbake for å levere inn gamle mobilar. Så enkelt kan det vere!

Kva skjer med avfallet når det har blitt sortert?

Når du har levert mobilen til gjenvinning, blir han send til ein gjenvinningsstasjon. Batteriet blir teke ut manuelt ut og sendt til Batteriretur, eit selskap som jobbar med kretsløpet til batteri. Mobilen utan batteriet blir så send til eit smelteverk, der det blir blanda saman med annan elektronikk. I Noreg har vi ingen aktørar som gjenvinn EE-avfall, så avfallet blir sendt til Boliden Rönnskär, eit smelteverk i Sverige. Plasten i elektronikken blir brend i kraftige smelteomnar.

Dei edle metalla kan derimot vinnast ut som reine metall som kan brukast om att – og desse har så høg verdi, at dei gjer denne prosessen lønnsam. Dette blir kalla Urban Mining og er langt meir berekraftig enn å heile tida vinne ut metall på nytt gjennom gruvedrift.

Metalla treng ikkje nødvendigvis å bli brukte til ny elektronikk – faktisk blei medaljane til sommar-OL i Tokyo i 2020 laga av elektronisk avfall som er gjenvunne frå mobiltelefonar.

Tenk over

Korleis er det meir berekraftig å resirkulere, med tanke på den prosessen du har lese over, enn å vinne ut nytt?

Berre gjer det!

Ansvarlig forbruk og produksjon er FNs berekraftsmål nummer 12. Grafikk.

Det finst mange gode grunnar til å resirkulere både mobilar og annan elektronikk. Det er ikkje berre viktig å unngå at mobilen blir kasta i anna avfall, men også å unngå at han blir liggjande heime i skuffer og skap. Viss ein mobiltelefon eller anna farleg avfall blir sortert feil, kan dette ha store konsekvensar for miljøet. Farleg avfall inneheld stoffer som kan vere skadelege for naturen dersom dei blir liggjande i jorda eller hamnar i grunnvatnet.


Det er mange fordelar med å resirkulere mobilen din:

  • Ved innlevering av mobilen til butikk eller gjenbruksstasjon i Noreg blir over 95 prosent av materiala i ein mobil forsvarleg gjenvunne, noko som både inneber mindre miljøforureining og redusert press på utvinning av edle råvarer.
  • Mange av metalla som blir brukt i elektronikk, er sjeldne, og det er nødvendig å gjenvinne dei for å ha god nok tilgang på dei.
  • Når gull blir gjenvunne, får vi omtrent ti gonger meir gull ut av EE-avfall enn frå malm.
  • Det er mykje meir lønnsamt å drive med urban mining enn vanleg gruvedrift. Faktisk blei den årlege verdien av urban mining i 2016 estimert til å vere på heile 120 milliardar kroner på verdsbasis! (Renas, 2016).
  • Kastar vi mobilen i restavfallet, blir han brend saman med anna avfall, og det blir sloppe ut farlege miljøgassar i tillegg til at ressursane i mobilen går tapt.
  • Vi minimerer dei negative klimaeffektene av å vinne ut og tilarbeide råmateriale frå gruvedrift.
  • Vi unngår utsleppa av miljøgassar vi ville fått av å brenne avfallet saman med restavfall.

Denne artikkelen er ei bearbeida utgåve av https://ungenergi.no/miljo-klima-samfunn/deg-meg-miljoet/hvordan-resirkulere-mobiltelefoner/

Kjelder

Aftenposten. (2015, 17. juni). Mobilen din kan være mye mer verdt enn du aner. Henta 24. januar 2020 frå https://www.aftenposten.no/okonomi/i/K2QM/mobilen-din-kan-vaere-mye-mer-verdt-enn-du-aner

Renas. (2016, 11. mai). Urban mining – det skjulte gullet. Henta 24. januar 2020 frå https://renas.no/det-skjulte-gullet-urban-mining/

Renas. (2016, 16. mai). Gullkortet. Henta 24. januar 2020 frå https://renas.no/gullkortet/

CC BY-NC-SARettshavar: UngEnergi.no, 2019
Sist fagleg oppdatert 25.07.2023

Læringsressursar

Berekraftig utvikling