Hopp til innhald

Fagstoff

Energieffektive løysingar

Å spare på straumen er ein god idé. Straumrekninga blir lågare, og delar av den fornybare energien kan erstatte fossil energi i Europa. På denne måten kan Noreg bidra til å redusere klimagassutsleppa globalt.
Istappar som heng ned frå ei takrenne over to vindauge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Billeg straum har gitt høgt forbruk

I Noreg har elektrisk energi vore billig i fleire tiår. I tillegg kjem straumen vi bruker, stort frå fornybar vasskraft. Vi har derfor ikkje hatt nokon stor motivasjon for å bruke mindre straum, verken når det gjeld økonomi eller klima. Dette har bidrege til at straumforbruket i Noreg har vore høgt samanlikna med andre land. Eit hushald i Noreg bruker nesten dobbelt så mykje straum som eit hushald i Sverige.

Sjølv om høgare straumpris i mange delar av landet i 2022 førte til ein nedgang i forbruket, har vi framleis eit høgt straumforbruk i Noreg, samanlikna med andre land. Når det gjeld klima, må vi tenke på at Noreg er del av ein internasjonal kraftmarknad. Den fornybare energien vår erstattar forureinande energi i utlandet. Å spare på straumen er derfor smart, både for privatøkonomien og for å redusere klimagassutslepp.

Energiøkonomisering

Energiøkonomisering, òg kalla enøk, betyr å bruke den energien ein har til rådvelde, på smartast mogleg måte. Det kan handle om korleis ein bygger ein bustad, val av energikjelder til oppvarming, val av elektronikk og når på dagen det er lurt å lade elbilen.

Vi kan ikkje halde fram med å bruke den elektriske straumen slik vi gjer i dag. Med ei aukande mengde hjelpemiddel som er avhengige av elektrisk energi, fleire menneske på jordkloden og alvorlege klimagassutslepp har vi ikkje noko val, vi må bli gode på energiøkonomisering.

To menneske i ein lystunnel med grøne lys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Straum kan brukast til det meste

Elektrisk energi er det vi kallar for høgverdig energi. Det betyr at energien i elektrisk straum enkelt kan brukast til å utføre eit arbeid, og dermed blir gjord om til andre former for energi. Under ser du nokre døme på arbeid som treng elektrisk straum. Kan du komme på fleire?

  • drive motoren i ein elbil
  • bruke kopimaskina på skulen
  • drive eit kjøleskap
  • drive elektriske verktøy som drill og stikksag
Ein mann bruker ein elektrisk drill til å bore i plankar. Foto.

Det er ingen tvil om at lista vil bli lang om vi skulle føre opp alle apparata og hjelpemidla som treng straum. Det er enkelt å setje stikkontakten i veggen og bruke ein panelomn til oppvarming, men er det energiøkonomisk smart?

Energikjeder

Energikjeder viser korleis energi blir overført frå éi form til ei anna. For kvart ledd vil vi ha eit energitap, og etter kvart vil energiforma miste evna si til å utføre arbeid.

Frå høgverdig til lågverdig energi

Vi kan dele ulike former for energi inn etter evna dei har til å utføre eit arbeid. Energiformer som kan utføre fleire typar arbeid, kallar vi høgverdig energi. Energiformer som ikkje enkelt kan brukast til å utføre eit arbeid, kallar vi lågverdig energi.

energiformer

Døme på energiformer

Moglege bruksområde

Høgverdig energi

  • elektrisk energi
  • stillingsenergi
  • kjemisk energi
  • elektriske apparat , mekanisk arbeid
  • vasskraftverk, mekanisk arbeid
  • lys og oppvarming, batteri

Lågverdig energi

  • termisk energi (varme)
  • lydenergi
  • oppvarming
  • trykkendringar i væsker (ultralyd og ekkolodd)

Frå elektrisk energi til lyd og varme

Neonlys i ulike fargar viser energi fra ulike kjelder inn og ut av eit stilisert hus. Foto.

Vi tek for oss ein elektrisk drill. Drillen har anten eit batteri som kan ladast opp, eller han blir kopla direkte til stikkontakten. Straumen får drillen til å fungere, og boret roterer. Den elektriske energien blir overført i hovudsak til mekanisk arbeid, men også til varme og lyd.

For kvar overgang blir energikvaliteten dårlegare, energien mister evna til å utføre andre typar arbeid. Lyd og varme er døme på det vi kallar lågverdig energi. Dette er energiformer som vanskeleg kan brukast til å utføre arbeid.

CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2022

Læringsressursar

Berekraftig utvikling