Modell for restgjeld
Like før sommarferien får Janne tilbod om å kjøpe ein brukt båt med motor for kroner 9 000.
Janne har ikkje pengar, men får eit rentefritt lån av foreldra sine på kroner 9 000. Dette skal betalast tilbake gjennom sommaren med vekentlege avdrag på kr 1 500.
Janne har fått sommarjobb med vekelønn på kroner
4 000.
Restgjelda Janne har til foreldra sine veker etter at ho tok opp lånet, kan beskrivast med den lineære funksjonen
Konstantleddet er 9 000.
Det betyr at lånet i starten er på kroner 9 000.
Stigingstalet er negativt, .
Det betyr at restlånet minkar med 1 500 kroner per veke.
Vi kan seie at restlånet har negativ lineær vekst.
Vi finn nullpunktet til funksjonen i GeoGebra med kommandoen Nullpunkt[R].
Nullpunktet er . Det fortel at lånet er nedbetalt, restlånet er null, etter veker.
Ved rekning løyser vi likninga og får same løysing.