Hopp til innhald

Fagstoff

Eigenskapane til tremateriale

Tremateriale er gamle og kjende byggemateriale her til lands. Vi byggjer bruer og skyskraparar, gitarar og tussefløyter. Tre har mange bruksområde og har både positive og negative eigenskapar som byggemateriale. Derfor er det viktig å velje det riktige materialet til den riktige produksjonen.
Skogsmaskin i arbeid i hogstfelt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenskapar ved tremateriale

Når trevirke framleis er eit mykje brukt materiale, trass i den store konkurransen frå andre materialtyper, er det på grunn av dei mange positive sidene til trevirket. Tre er lett å skaffe, lett å frakte, lett å omarbeide og sammenføye. Trevirket har dessutan stor styrke og stivhet i forhold til vekta, samanlikna med andre materiale. Tre har lita varmeleiiningsevne og låg elektrisk leiiningsevne og fungerer på grunn av dette delvis som ein god isolator.

Derfor er tre eit varmt materiale å ta på. Det er ikkje uvesentleg når vi skal vere i nærkontakt med produktet, anten det er ei bordplate eller eit gelender i trappa. Tre er rett og slett godt og behageleg å ta på. Brukt riktig, har trevirke òg lang levetid.

Trevirke blir ikkje utsett i nokon særleg grad for utmatting. No til dags er det eit stadig viktigare moment til fordel for treet at det er ein fornybar ressurs. Noko som ikkje har vore så mykje inne i diskusjonen så langt, er at det å bruke tre i meir permanente konstruksjonar er ein effektiv og enkel måte å binde opp karbon på.

Trevirke er òg ein fornybar ressurs. Vi høgg ned og plantar nytt, ventar i 40 år og høgg igjen.

Bruksområde for tremateriale

Til lands

  • Tre har god isolasjonsevne. Dei gamle laftehusa heldt seg oppsiktsvekkande varme. Det har alltid vore lett tilgang på skog her til lands, og byggetradisjonane er gamle. Som byggemateriale er det òg motstandsdyktig mot brann. Det har seg slik at når det byrjar å brenne blir det danna eit lag av kol utvendig. Det isolerer.
  • Brubygging er ein fornya prosess i Noreg. Her er da Vinci-brua, som går over E18 i Ås kommune, bygd etter teikningar av Leonardo da Vinci.
Leonardo da Vinci-brua, limtrekonstruksjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • I musikkverda har ikkje noko materiale konkurrert ut trevirke som hovudmateriale for instrument. Ein kan ramse opp mange instrument som er laga av tre. Det er den levande klangen som ikkje lèt seg kopiere av plast og andre materiale.
Mann lagar cello. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Vi bruker òg ved til fyring. Ved er ein fornybar ressurs som gir god varme. I moderne tider har avfallsmateriale frå annan produksjon gitt grunnlag for utnytting av restane av stokken.
Bål som brenn. Film.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til vanns

  • Som skipsbyggjarmateriale var tre overlegent heilt til 1900. All skipstrafikk var basert på trevirke. Trevirke var til dømes materialet til vikingskipa som segla over heile Europa, til Afrika, Asia og til Amerika. Bildet viser ein annan kjend båt som tok folk til Amerika: Mayflower.
Skipet Mayflower i havnen i Plymouth. Maleri fra 1882.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Og i lufta!

  • Fly vart lenge laga av tre. Eit av dei siste, men mest suksessrike, vart laga i England under andre verdskrigen. Det vart kalla Mosquito (mygg). Fordelen med dette den gongen var at ein heil industri av møbelbyggjarar bidrog til krigsinnsatsen. Fordelen var òg låg vekt.
Den de Havilland DH.98 Mosquito - eit britisk multi-bruks kampfly - fotografert i 1941
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Våpenteknologi: Den engelske langbogen frå 12- og 1300- talet er eit godt døme på å kombinere mjuke og harde tresortar for å få ønskt resultat. Ein limde to lag harde tresortar utanpå eit mjukt, slik at den mjuke delen vart pressa saman og "lagra" energi som vart utløyst når bogeskyttaren slapp strengen.
Morgenen for slaget ved Agincourt, 25. oktober 1415, av John Gilbert. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Negative sider ved bruk av tremateriale

Den positive eigenskapen til trevirket med at det er brannsikkert, er tveegga. Tre er lett å antenne. Tre rotnar og forvitrar òg relativt raskt. Biller angrip treverket og under gunstige forhold kan sopp "ete" eit hus relativt raskt. Ekte hussopp kan ete seg 6 millimeter bortover i alle retningar på ein dag, det vil seie 20 – 30 centimeter på eitt år.

Når fordeler og ulemper skal nemnast, er det likevel slik at hovudpoenget er å velje det riktige materialet til den riktige produksjonen. Av den grunnen er eit godt poeng for ein allsidig handverkar å ha kunnskap nok til å velje. Kunnskapane har gått i arv, men også nye metodar kjem til. Til dømes er limtre relativt nytt (ca. 70 år gammalt). Det gav mange nye moglegheiter den gong.

Dei viktigaste eigenskapane til trevirket

Viktige eigenskapar for bruk av tre som byggemateriale er:

- densitet (kor mykje ein kubikk veg)

- innhald av fukt

- kor mykje det krympar når det tørkar

- styrke


Trevirket består av fleire grunnstoff. Dei viktigaste er:

- ca. 50 % karbon (C)

- ca. 43 % oksygen (O)

- ca. 6 % hydrogen (H)

- ca. 0,1 % nitrogen (N)

Kjelde

Skogkurs – Kursinstituttet til skogbruket (2012) Treveven – alt du treng å vite om tre og skog. Henta frå http://www.treveven.no/

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2019

Læringsressursar

Tremateriale