Produksjon og tenester (TP-TIP vg1)
Felles programfag saman med:Konstruksjons- og styringsteknikk (TP-TIP vg1)ogProduktivitet og kvalitetsstyring (TP-TIP vg1)
Materiallære
Materiallære er læra om eigenskapane til ulike materiale og korleis ulike materiale blir tilarbeidde eller framstilte. I fleire tusen år har denne kunnskapen blitt brukt til å utvikle og lage ulike produkt og konstruksjonar.
Tremateriale
Tre er eit av dei eldste konstruksjonsmateriala vi kjenner til. I mange tidlegare kulturar blei trevirke mykje brukt, men etter kvart som trevirke blei vanskelegare å få tak i, blei det erstatta av andre materiale.