Hopp til innhald

Materiallære

Materiallære er læra om eigenskapane til ulike materiale og korleis ulike materiale blir tilarbeidde eller framstilte. I fleire tusen år har denne kunnskapen blitt brukt til å utvikle og lage ulike produkt og konstruksjonar.

Kompositte materiale

Materiale som blir nytta på ein del industriprodukt, er ofte laga av kompositte materiale. Kompositt er ei blanding av ulike materiale. Blandinga gjer at produktet får betre eigenskapar. Komposittmaterialet vil både vere sterkare og lettare.