Hopp til innhald

Fagstoff

Batteri

Batteri er ein genial måte å lagre energi på. Her er det kjemisk energi som kan omformast til elektrisk energi når ein treng straum. Sidan det første galvaniske element, har batteria blitt svært mykje mindre og meir effektive, men ikkje meir miljøvennlege.
Skjematisk figur av straumkrets med lyspære og batteri. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Batteriet – gammal oppfinning med nye bruksområde

  • 1800 – Den italienske vitskapsmannen Alessandro Volta fann opp det første kjemiske batteriet.
  • 1859 – Det første oppladbare blybatteriet blei laga av den franske fysikaren Gaston Planté.
  • 1890 – Porsche bygde dei første bilane sine. Desse var faktisk elektriske! Porsche brukte blybatteri i bilane sine.
  • 1899 – Svenske Waldemar Jungner finn opp Nikkel-kadmium-batteriet (NiCd). Dette batteriet er også oppladbart, men det har ein høgare energitettleik og er meir robust enn blybatteriet.
  • 1980 – Først no kjem dei moderne batteritypane. Vi får etter kvart nikkel-hydrogenbatteri (NiMH -nikkel-metallhydrid) og litiumbatteri (Li).

Relatert innhald

Galvanisk celle – frå kjemisk energi til elektrisk energi

For å lage ei galvanisk celle treng vi to forskjellige metall og ein . Spenninga mellom to metallelektrodar er avhengig av kvar metalla er plasserte i .

Jo større avstand det er mellom dei i spenningsrekkja, desto større blir spenninga.

Eit batteri består av fleire galvaniske celler/element.

Hugsar du dei ulike delane i eit galvanisk element?

Kva kombinasjonar av metall og ion gir straum?

Bruk spenningsrekkja under til å føreseie kva som skjer viss til dømes jern-metall (Fe) og koppar-ion (Cu2+) kjem i kontakt med kvarandre.

Vel eitt metall i kolonna til venstre og klikk på eitt metall-ion i kolonna til høgre for å sjå om det kan overførast elektron.

Trudde du rett?


CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle, Haldor Hove og Nils H. Fløtre.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2019

Læringsressursar

Berekraftig utvikling