Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Teikningsressursar

På denne sida har vi samla ulike teikningsressursar som du kan bruke som døme når du skal lage ditt eige LED-skilt.

Døme til inspirasjon

Her finn du teikningane for dei ulike LED-skilta som er brukte som døme. Du kan bruke teikningane som dei er, eller du kan forandre og tilpasse dei. Du kan sjølvsagt òg teikne dine eigne, heilt unike skilt og brakettar.

Hugs

  • Både akrylplater og LED-striper kan ha ulike dimensjonar.

  • Du må derfor tilpasse teikningane til dei aktuelle måla som passar utstyret ditt.

Hengeskilt

Her får du tilgang til teikningar av to ulike modellar. Den eine skal lagast i metall, den andre er eit 3D-printa alternativ.

Hengande skilt med påskrift "pant" og to piler som peiker rett nedover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Bordskilt

Eit bordskilt kan vere fint å ha ståande på skrivebordet eller i ei bokhylle. Kanskje du kan gjere endringar på teikningane og sette ditt personlege preg på skiltet?

Eit bordskilt i gjennomsiktig pleksiglas, med opplyst NDLA-logo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Sirkulært skilt

Dette skiltet kan bli eit lite smykke på skrivebordet ditt. Kanskje du vil forandre logoen til favorittfotballaget ditt eller favorittartisten din? Kanskje vil du ha namnet til kjærasten på skiltet?

Mørklilla pleksiglas med lysande NDLA-logo i ei 3D-printa ramme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2024

Læringsressursar

Frå idé til ferdig produkt