Hopp til innhald

Reaksjon på omgivnadene

Alle organismar lever i eit samspel med omgivnadene sine. Dei må derfor kunne fange opp og reagere på signal som kjem utanfrå, og formidle desse til cellene i organismen. Cellene samarbeider og kommuniserer ved hjelp av signalstoff for å halde eit stabilt indre miljø.

Hormonsystemet

Når du er forelska, oppstemt eller svolten, eller har hjartebank og klamme hender, er det ulike hormon som er aktive. Hormon strøymer rundt i plantar og dyr for å kontrollere og regulere funksjonar som sørgjer for balanse i ulike system, til dømes vekst, væskebalanse og formeiring.