Biologi 1
Transport
I levande organismar må stoff transporterast effektivt mellom cellene. Det gjeld stoff som blir tekne opp frå omgivnadene, stoff som blir danna i organismen, og stoff som blir skilde ut att. Større organismar har eigne transportsystem. Eincella organismar utvekslar stoff direkte med omgivnadene.
Transport i plantar
Plantar tek opp vatn og næringsstoff frå omgivnadene. Algar og mosane gjer dette direkte gjennom heile overflata. Karplantane har røter og spesialisert leidningsvev for opptak og transport.