Hopp til innhald

Fagstoff

Årsplan i biologi 1

Det er mange måtar å disponere faginnhald og tid på. Her er eit forslag til korleis du kan planleggje komande skuleår etter læreplanen (LK20) ved hjelp av læringsressursane som NDLA tilbyr i biologi 1.

Læringsressursar i biologi 1 frå NDLA

Fagressursane i biologi 1 frå NDLA dekkjer heile læreplanen (LK20). Dette omfattar grunnleggjande ferdigheiter, kjerneelement, tverrfaglege tema og kompetansemål.

Sidan biologi er eit praktisk fag, har vi bevisst knytt fleire praktiske oppgåver og dessutan felt- og laboratoriearbeid til kvart av dei ulike emna. Med nytt og spennande fagstoff håper vi å kunne bidra til skaparglede, engasjement, utforskartrong, nysgjerrigheit og kritisk tenking både i og utanfor klasserommet.

Naturvitskaplege arbeidsmetodar

I biologi skal elevane lære naturvitskaplege arbeidsmetodar. Dette krev at elevane jobbar praktisk med faget både i felt og på laboratorium. Elevane må sjølv utforske og bruke naturvitskaplege arbeidsmåtar i praktisk arbeid. Kompetansemålet "planleggje og gjennomføre undersøkingar, samle, behandle og tolke data, og presentere resultat og funn" bør derfor gjennomsyre undervisninga i biologifaget og trekkjast inn i fleire emne.

Programmering i biologi 1

Ingen av kompetansemåla i biologi 1 nemner programmering direkte, men dette kan vere relevant i behandling og tolking av data og er ein del av dei digitale grunnleggjande ferdigheitene i faget. Vi tilbyr derfor fleire ressursar der elevane skal bruke digitale verktøy til å modellere, programmere og simulere ulike biologiske fenomen.

Programmeringsressursane ligg under eit eige emne som heiter Modellering og programmering. I tillegg ligg dei under temaa som oppgåvene høyrer til.

Djupnelæring og kunsten å sjå samanhengar

Fagfornyinga legg vekt på djupnelæring og på at elevane sjølv skal utforske og gå i djupna på ulike tema. Elevane skal ta del i eigen læringsprosess og lære å sjå samanhengar mellom ulike delar av faget og på tvers av fag.

Tverrfaglege tema

I forslaget vårt til årsplan har vi lagt til rette for å jobbe med dei tverrfaglege temaa i tilknyting til fleire av biologifaget sine eigne emne. Dette er spreidd utover heile skuleåret. NDLA tilbyr fleire måtar å jobbe med dei tre tverrfaglege temaa på, slik at enkeltlærarar kan bruke ressursane i faget sitt eller samarbeide med andre lærarar på tvers av ulike fag.

Kjerneelement

Kjerneelementa skal vere det viktigaste elevane lærer i kvart fag. Sidan dei fleste kompetansemåla i biologi er kopla til alle dei fire kjerneelementa i faget, er det viktig å ha gjennomgåande god oversikt over kjerneelementa når ein underviser i biologi.

Tilpass ressursane til eigen undervisning

Gjeldande læreplan i biologi 1 opnar for mange måtar å undervise i faget på. NDLA tilbyr derfor eit breitt spekter av ressursar. Det gjer at lærarar kan tilpasse ressursane til eigen undervisning, og at elevane kan fordjupe seg i ulike tema. Som lærar må du gjere eit utval når du bruker NDLA som læremiddel i biologi 1.

Livsprosessar

Livsprosessane er sentrale for å forstå korleis menneske, dyr, plantar og andre organismar fungerer og samhandlar med kvarandre. Kompetansemålet som dekkjer anatomi og fysiologi i den nye læreplanen, er svært omfattande. Derfor har det fått stor plass hos NDLA. Dette er eit kompetansemål som bidreg til at elevane kan utvikle forståing av sentrale prinsipp og prosessar, samanlikne ulike organismar og bruke kunnskap frå ulike delar av faget. Dette er eit kompetansemål som er godt eigna for djupnelæring.

Kompetansemål:

"utforske samanhengar mellom anatomi og fysiologi og gjere greie for prinsippa for livsprosessane i organismar"(Utdanningsdirektoratet 2020)

Fagressursane i biologi 1 hos NDLA dekkjer alle dei sju livsprosessane og samanliknar prinsipp hos ulike organismar. Vi håper dette kan vere eit godt utgangspunkt for å velje ut nokre ressursar som de ønskjer å arbeide meir med.

Emne som dekkjer livsprosessane:


Forslag til årsplan

Vi har laga eit forslag til årsplan med tema/hovudemne, kort beskriving av innhald, læreplantilknyting og lenkjer til fagressursar for kvart emne. Planen er rettleiande, og han kan lastast ned og tilpassast til ulike elevgrupper og skulen sin eigen årsplan.

Last ned årsplanen som redigerbar tekstfil eller PDF her

Filer

Årsplan i biologi 1

Kjelder

Kunnskapsdepartementet (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Henta 27. mars 2022 frå https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/prinsipper-for-laring-utvikling-og-danning/kompetanse-i-fagene/?lang=nob

Utdanningsdirektoratet (2020). Læreplan i biologi (BIO01-02). Henta 27. mars 2022 frå https://www.udir.no/lk20/bio01-02

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Planar