Hopp til innhald
Rettleiing

Lyngnøkkel

Denne nøkkelen er ei hjelp til bestemming av plantar i lyngfamilien.

Nøkkel til lyngfamilien

Latinske namn og slektsavgrensingar følgjer Lids flora (2005). Norske namn på bokmål og nynorsk følgjer den offisielle namnelista til Artsdatabanken. Det er ein nøkkel for plantar i blom og ein for plantar i frukt.

Krekling er inkludert sjølv om han nokre gonger blir behandla i ein eigen familie, kreklingfamilien. Vintergrønfamilien er ikkje med sjølv om han i nyare systematikk er teken inn i ein utvida lyngfamilie.

Bileta til høgre i nøkkelen er berre eit utval, biletplansjen viser alle artane. Som støtte for artsbestemminga er det teke med nokre figurar som viser utvalde eigenskapar hos plantane.

Lykke til med "nøklinga"!

  • lyngnøkkel nn