Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt over organismegrupper

Her finn du ei oversikt over biologisk mangfald der dei største gruppene av organismar er beskrivne. Dei utvalde døma kan vere alt frå artar til rekkjer, avhengig av kor kjend den aktuelle gruppa er.
Kollasj med ulike typar organismar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Organismegrupper

Formelle grupper finn vi igjen i moderne klassifikasjonssystem, og dei fleste høyrer til eit bestemt nivå:

Nivå

Namn

rike

dyreriket

rekkje

leddyr

klasse

insekt

orden

sommarfuglar

Uformelle grupper fanst i tidlegare klassifikasjonssystem, og nokre av namna er framleis i bruk fordi dei utgjer praktiske einingar. Dette gjeld til dømes virvellause dyr, krypdyr, fisk og mosar.

Kvart rike har sin fargekode

Fargekodane i tabellen skil dei ulike gruppene frå kvarandre. Det må understrekast at det er gjort mange val og kompromiss i denne oversikta. Andre kjelder kan derfor avvike noko frå dette. Til liks med all annan vitskap blir systematikk og klassifisering kjenneteikna ved at felta er i stadig endring fordi vi heile tida får ny kunnskap.

Rike

Fargekode

dyreriket

blå

soppriket

brun

planteriket

grøn

protistriket

grå

bakteriar

lilla

erkebakteriar

lyseblå

Tabellane er vedlagde i PDF-format.

Oversikt over ulike organismegrupper

Organismegruppene i kolonnen "Grupper" er oftast, men ikkje alltid, formelle. Domenet Eukarya (dei eukaryote organismane) er fordelte på dyreriket, soppriket, planteriket og det gamle, oppløyste protistriket. Når det gjeld protistriket, er mange grupper no fordelte på det gule riket, slimriket, urdyrriket og dyreriket. Prokaryote organismar finn vi i domena Bakteriar og Erkebakteriar.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Baglo og Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2021

Læringsressursar

Oppslagsverk og e-førelesingar