Biologi 1
Naturvitskaplege arbeidsmetodar
I biologi skal du lære om naturvitskaplege teoriar og metodar. Du skal planleggje og gjennomføre undersøkingar som du skal presentere med drøfting og tolking av data. Bruk av modellar og praktiske ferdigheiter både i felt og på laboratorium er òg sentralt i biologifaget.
Modellering og programmering
Når du skal presentere funna dine, er figurar, grafar og modellar til god hjelp og kan vise komplekse samanhengar på ein forståeleg måte. Modellar kan vere enkle, komplekse eller handtere store mengder data. I simuleringar og søkbare databasar kan mykje informasjon bli meir tilgjengeleg for alle.