Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Feltarbeid: suksesjon i myr

I dette feltarbeidet skal de studere ei myr. Alle myrer i Noreg er danna etter istida. Korleis har myra de skal undersøkje, utvikla seg, og kva vil skje med ho vidare? Når de er ferdige med arbeidet, er målet at de skal skjøne korleis suksesjon i ei myr går føre seg.
Landskap med myr i fjellet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med dette feltarbeidet er å lære om korleis suksesjonen i ei myr skjer og få ei forståing av korleis miljø og eigenskapar hos artane påverkar suksesjonen. Målet er også å sjå samanhengen mellom miljøet (dei abiotiske faktorane) og artsutval (dei biotiske faktorane).

Teori

Før de går i gang med forsøket, bør de lese om ulike myrtypar og kvifor det blir danna myr. Torvmosar dominerer vegetasjonen på dei fleste myrer. Les meir om torvmosar og myr i lenkjer og vedlegg nedst på sida.

To personar går over ei raud myr. Foto.

Framgangsmåte:

Gjennom desse oppgåvene skal de kartleggje myra og finne ut meir om ho.

Kva for område dominerer på denne myra?

  • Tue (Du set ikkje spor.)
  • Fast matte (Du set tydelege spor.)
  • Mjuk matte (Du søkk ned.)
  • Laus botn (Du søkk djupt, pass deg!)

Teikn gjerne dei ulike områda inn på eit kart eller på ei skisse over myra.

Mål grunnvasstanden

Grav eit hol gjennom dei øvste torvlaga i myra med spaden og vent til vasstanden stabiliserer seg. Til slutt vil vatnet innstille seg på ei viss høgd under myroverflata, mål då grunnvasstanden.

Jordprofil

Grav eit hol i myra og sjå om du finn sjiktdeling. Teikn ei skisse av profilen. Forklar kvifor det har blitt slik. Viss det tek 1000 år å danne 1 meter torv – kor gamle er laga de finn?

Torvmose. Foto.

Torvmosar

Kor lang samanhengande torvmoseplante kan du klare å grave/lirke opp frå myra? Kan du sjå kor stor del av planta som er levande? Er det forskjell på dei ulike artane?

Miljø og artsutval

Når du ser på ei torvmosemyr, vil du oftast finne svært mange fargevariasjonar mellom grønt, gult, raudt og brunt. Nokre av plantene er meir tettvaksne, lòdne og fyldige, mens andre er spinkle og langstrakte. Det finst cirka 50 torvmoseartar i Noreg, og alle torvmosane har ei stjerne i toppen. Kan du sjå om typen torvmose kan fortelje noko om topografien og miljøet, til dømes kor vått det er? Kor mange ulike torvmosar kan du finne på myra? Kanskje du kan setje artsnamn på nokre også?

Næringstilgang og artar

Finn ut kvar myra får vasstilførselen frå. Er dette ei regnvasssmyr (som berre får vatn frå nedbør) eller ei jordvasssmyr (som får vatn frå andre stader også)? Der det kjem næring med sigevatnet frå frodige område rundt myra, vil du finne fleire artar.

Langt ut på flate myrer og på høgder i myra kjem vatn berre som nedbør, og det blir næringsfattige tilhøve og mindre artsrikdom. Kan du finne døme på begge delar? Sjå etter djupna på myra og mengda artar. Set namn på så mange artar som mogleg.

Rundsoldogg. Foto.

Kjøttetande planter

Soldogg og tettegras skaffar seg nitrogen ved å fordøye små insekt som festar seg til blada. Desse kan trivast på næringsfattige myrer saman med torvmosen. Kan du finne dei?

I myrtjern kan du finne blærerot som flyt i vatnet. Blærerot er også ei kjøttetande plante.

Menneskeleg påverknad

Ser du spor som tyder på at menneske har påverka utviklinga av myra? Det kan til dømes vere grøfting, vegbygging eller avrenning av næringsstoff frå jordbruk.

Suksesjon på myra

Spørsmål til diskusjon om suksesjon på myra de har undersøkt:

  • Er det truleg at den myra du er på, kan har vore eit tjern som over lang tid har blitt fylt opp av humus og grodd igjen med torvmosar? Grunngi og forklar.
  • Når ei myr blir grøfta opp, tek suksesjonen ein annan retning. Beskriv dei endringane som skjer over tid. Dette kan du gjere anten du finn ei oppgrøfta myr du kan kartleggje, eller du tenkjer deg kva som vil skje.
  • Kva for moglege verknadar på miljøet har grøfting av myr?
  • Korleis trur de suksesjonen på denne myra vil utvikle seg vidare? Grunngi og forklar.

Finn ut meir!

Forslag til fleire oppgåver de kan gjere for å lære meir om myra:

  • Konservering. Grav ned ein appelsin, eit eple, ei gulrot eller liknande i ei torvmosemyr. Gjer det same i ein skog, eit hogstfelt eller eit anna økosystem der du har drive med feltarbeid. Viss du gjer dette rett etter skulestart, kan du vente ein månad eller to – eller kanskje heilt til våren – før du grev skatten opp igjen. Kva har skjedd på dei to ulike lagringsplassane? Kvifor?
  • Flombuffer. Veg mose som er metta med vatn, og tørrvekta av den same mosen. Kor mange gonger tyngre var han i våt tilstand?
  • Grøfting. Korleis vil grøfting påverke jordsmonn, miljø og artsutval?

Nyttige ressurser og oppslagsverk

Filer

Relatert innhald

Visste du at det finst om lag 50 artar av torvmose i Noreg, at torvmosane er bakteriedrepande, og at det tek minst 1000 år å byggje opp ein meter torv?

Ein studie av økosystemet myr gir oss kunnskap om korleis organismane påverkar suksesjonen.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle, Svein Gunnar Råen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 03.08.2022

Læringsressursar

Feltarbeid i myra